mandag 6. november 2023

Velkommen til novembermøtet!

 Tida går fort og i morgon 7.11 er det allereie tid for å møtast att!

Denne gongen har vi langdag, og dørene opnar kl 12 slik at den som vil, kan komme for ei koselig "sy-i lag"-stund fram til ordinært møte startar kl 18.30. Ta med eigen mat, te/kaffi lagar vi til.

                                                          (bilde frå internett)

Tema på møtet:

  • Vi fortset med temaet Linjaler, har du ein som du kan fortelje litt om og gjerne vise noko du har laga av den? Ta med!!
  • Ta med deg noko å sy på, sist starta nokre på stitcheryet "Julebakst", håper mange er i gang med dette. Om fleire vil sy, så ta med stoff og moulinegarn. Sjå elles innlegg om Oktobermøtet.
  • Det vert informasjon og påmelding til veskekurs med Andre Wallenborg, kurset er i januar.
  • Kom med ønsker og tips om aktivitet på syhelga 18.-19. november
  • Og vi treng helt sikkert mange julegåvetips,......har du sydd noko du skal gje vekk, eller har du fått noko ein gong som er sydd, ta med deg og inspirer oss andre!!
  • Elles vert det lotteri, "Vis og fortel" og kanskje fristar Primula Design med julerelaterte varer?
Matvertar: Haldis Nesbakk (leiar), Elna Olsen, Hilde Strøm Os, Laila U. Piel  (Om nokon har bytta, så har ikkje bloggred. kontroll på det!)

tirsdag 17. oktober 2023

Bilder frå Oktobermøtet

 Haldis viste bruk av linjalen Hex n more, ein linjal som har utruleg mange bruksmåtar! Denne burde alle ha, sjå alle ulike modellane ho viste!!







Mariann tok opp temaet om å bruke møta til syaktivitet, dette fordi vi ser at det er lett å ty til strikketøy. Vi veit at medlemmane våre er kreative og både syr og strikkar, og vil gjerne styre med noko når ein sit i ro. 
Difor har ho teikna eit stitcherymotiv som ho var litt "gneta" på, forplikta litt til å ha med noko å sy på under møta. Motivet var eit julemotiv til eit bakehandkle, så håper no at det vert sydd på nokre under dei neste møta før jul også, og kanskje vert det julegåve til nokon?? Om fleire vil ha mønster, så blir det ny sjanse på neste møte!!


Butikkvarer frå Sybutikken Primula Design



Frå Vis og fortel:


Ein studerer på 10-graderslinjalen




























Takk til matvertane for nydelig servering!!






mandag 2. oktober 2023

Velkommen til Oktobermøtet!

 Så er vi komt til oktober og på tide med eit nytt og inspirerande møte tysdag 3.10!  

Stad er som før; Stokkenes Gjestegard på Nordfjordeid kl 18.30-21.30.

Vi fortset med tema linjalar, ta med deg ein linjal du strevar med å bruke  for å få tips. Men om du er veldig fornøgd med ein linjal, så ta den med og det du har laga med den!

Haldis har ein linjal som ho har brukt mykje, denne vil ho vise på møtet og kva ho har laga. Om du vil både "lære og gjere" med linjalen "Hex'n more", så ta med deg stoff skjæreutstyr og symaskin! Håper mange vil delta her!



MEN,.... kanskje du også vil delta i "Stitch i lag"??  Vi ynskjer å få til meir praktisk syaktivitet på møta, så vi prøver oss med eit stitchery som du kan sy på både på oktober- og novembermøtet! Og så blir det kanskje ei julegåve til slutt?



Mariann har laga eit julemotiv til å ha på eit bakehandkle, så dei som ynskjer å delta, får mønster på møtet. Ta med deg eit kvitt bomullsstoff (gamle laken er perfekt!!) ca 50x65 cm, blyant til å overføre mønster og moulinegarn til å brodere med (passar veldig godt med rød, blå eller brun farge). Primula Design har også kvitt stoff med.

Program for kvelden ser elles slik ut:

  • Aktuell info frå styret
  • Lotteri
  • Vis og fortel
  • Godt utval av stoff frå Primula Design
  • .....og kaffipause v/ Matvertar: Eli Kriken (leiar), Gitte Lefdal, Mona Skålerud, Reidun Starheimsæter

Vel møtt!