lørdag 20. juni 2009

Quiltens dag!


20. juni- - Den offentlige europeiske quiltedagen!!
Premiere i år! (trur eg då...) ...og sikkert kvart år heretter?? Vel,- den som vil vite fakta om denne dagen må kikke inn HER
Klubben vår hadde bestemt at vi skulle markere dagen med utstilling i gata på Nordfjordeid,.....første laurdagen med opning av Sommarshoppinga. Men akk, det var ikkje sommarleg akkurat, for himmelen opna seg og det regna i over ein time minst. Ikkje var det varmt heller. Då hjalp det lite at vi hadde valt tema "SOMMAR" for utstillinga vår!

Då var det eit lykketreff at leiar i klubben hadde eit partytelt til låns,...... etter eit lite "oppsettings-show" midt i gata så kom vi under tak rett før det ausa ned! Og rett så koselig vart det under det grøne taket!Lotteriteppet vårt, "Dear Jane" kom på plass, og vi selde litt lodd heldigvis.

Ikkje så mange av medlemmane våre kom med produkt til utstillinga, så vi takkar dei som kom med ting og også stilte opp på utstillingsdugnaden vår. Vi nådde målet vårt og markerte oss i gata denne dagen.
Må legge til at etter ei stund så letta veret og det vart etter kvart folksamt i gata. Til og med nokre nederlandske turistar inviterte vi under teltduken for ein prat!





1 kommentar:

Lappetausa sa...

Eg må berre gratulere damene som stod på for dette arrangementet, og riktig god sommar til alle i klubben!