lørdag 10. mars 2012

Årsmøtehelg!


God morgen, sa vi til kvarandre i dag tidlig då mange quiltemedlemmer møttest på Nordfjord hotell. Kl 8.30 var vi der! Til ein lang og god frukost! Vi har i fleire år hatt som tradisjon å møtast til frukost før årsmøtet. Dette er ein god start på dagen, og sidan vi skal få til både årsmøte og kurs same dag, så er dette ein fin måte å dele opp dagen på.
Årsmøtet starta kl 10, litt skuffande var det at berre 1/3 av medlemmane møtte fram! Det er nok ulike årsaker til dette, men vi hadde sett at medlemmane viser meir interesse for det arbeidet vi legg i drifta av den aktive klubben vår.
Men årsmøtet kom i mål, vi hadde gode diskusjonar og aktive deltakarar, og vi har fått nokre nye inn i styreverv. Her er det nye styret:
  • leiar Anne Marie Holsvik
  • nestleiar/blogg/bibl Mariann L. Hatlenes
  • kasserer Laila S Brekke
  • sekretær Hilde Elvebakke NY
  • infoansvarleg Torunn F Utnes
  • materialforvaltar Berit Jakobsen NY
  • kursansvarlege Siv E. Smørdal/ Inger Lise Strand
  • valnemd: Wenche Svoren og Aud Torheim NYE, Aud N. Saltkjel
  • revisor Ingebjørg L. Utnes, Ingrid Myklebust NY

Vakre blomsterbukettar vart overrekt til dei to som gjekk ut av styret: Elin Grinde og Inger Starheim.

Heile 20 deltakarar er det på årets årsmøtekurs med Annaka, her får dei instruksjon og gode tips når dei skal sy "sminkepunger og små skrin"!Her er den sunne avslutninga på morgonens frukost på hotellet, og som dyktige quiltarar ofte gjer når ein kosar seg,......så tek ein opp eit lite syarbeid når høvet byr seg,......også på hotellet!

Lunsjen på kurset denne helga "tar kaka"!! Eit flott koldtbord levert av Mega, her var det litt for einkvar smak! Årsmøtet og kurset denne helga er nok høgdepunktet i året, då er det òg litt kjekt å gjere ære på medlemmane som gjennom heile året gjer sitt til at vi skal ha ein god og aktiv klubb.



1 kommentar:

ElinG sa...

Tusen takk for kjempeflott bukett!

Er litt lei meg for at eg ikkje kunne gå på årsmøtekurset. Utrulig mange flotte småvesker - og heilt etter mitt hjerte :D