mandag 17. september 2012

Treng du ei koppeveske?

På bloggen til RedBrolly dukka det opp ei praktisk lita veske. Nokre av oss har sydd koppeveske for nokre år sidan, ein heilt annan modell. Denne flotte veska med sommarfugldekor, hank og plass til teposar inni må vel vere heilt perfekt for oss med "firmakopp"??
HER kjem du rett til innlegget med koppeveska.


Gå inn på sida, rull langt ned på innlegget, der finn du 5 linkar til gratismønster til å laste ned. Som dei fleste mønster så er alt på engelsk, men ofte er det nok å sjå på inch-måla og bilder så går det bra. Og vi er mange i klubben som er flinke til å hjelpe kvarandre........   :)

1 kommentar:

Lisa sa...

Nydelig! Takk for tipset! :)