torsdag 9. januar 2014

Kurs "Crazy-quilt løpar"

Om akkurat to veker i dag, torsdag 23.1, arrangerer klubben eit kveldskurs : Løpar/festremse i Crazyquilt-teknikk.  Kurset vert på Stokkenes Gjestegard og er kl 18-22.
Kurset er no fullteikna og vel så det. På siste medlemsmøtet kom dei siste påmelde til, og vi vert heile 23 på kurset!

Slike kortkurs har vore veldig populære i klubben vår, og vi oppmodar medlemmane om å komme med tips til kursleiar Ingun om andre slike kurs de kan tenkjer dykk.
Vi har også fått fleire nye medlemmar i år, og vi lagar gjerne til kurs i teknikkar medlemmane vil lære meir om!

Marie Myklebust frå Gloppen skal lære oss korleis vi skal "blande" fine stoff til blokker. Her er det nok rom for å utfolde seg når Marie har lært oss lure teknikkar!
 Det skal bli skikkeleg kjekt å sjå resultata på kurset, for når vi er over 20 på kurset, så blir det også like mange variantar i fargar og mønster. Og mange tips til oss sjølve om bruk av fargar! Dette gler vi oss til no!


Ingen kommentarer: