Klubben vår har hatt ulike former for utstillingar ute, vi har hatt fleire sommaravslutningar i Jektehola, ein nydeleg plass i elvekanten i Nordfjordeid sentrum.
Vi har hatt gateutstilling i Nordfjordeid, på Quiltens dag i 2009, i pøsregn i eit partytelt! Med lotteri der vi lodda ut vårt flotte Dear Jane teppe.
Vi har hatt "Flagrande tepper"-utstilling i Eidsgata 2 gongar, men i skrivande stund kunne eg ikkje finne bilder frå dette. Det var truleg før vi oppretta bloggen i 2007, då hadde vi ei heimeside som vart lagt ned då leverandøren slutta med tenesta si.
I haust hadde vi "Drivhusmesse" i sentrum av Nordfjordeid, i Hildenes Gartneri, og ved inngangen der stod vår flotte heimedekorerte Quiltebil!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar