lørdag 15. november 2014

Kurs med Bente Malm

Helga 24. - 26. oktober heldt Bente Malm kurs for oss, to ulike kurs på ei helg. Første dag var "Småsaker til sydamen" som var eit utruleg koseleg kurs i følge dei som gjekk på det. "Heilt stille og nydeleg", var ein av kommentarane, og sidan det var mykje handsaum, så var der ikkje lydar av symaskiner  og lite springing mellom skjærebrett og strykebrett!
 Sjå denne nydelege grøne syboksen, her er det brukt ei gammal nupperelle til pynt nederst.


Her er kursholdar Bente med modellane sine til kursdag 2 som var Tri Recs linjalen. Denne linjalen har mange muligheter, så her vart det mykje forskjellige produkt, løparar, brikker,teppe, bilde,......










 Her er Bente sine tips til bruk av samansette små blokker.


 Denne flotte nåleputa var ikkje kurstema, men den måtte berre få ein plass her, så gjennomført og fin i farge og design!
 Mange prøvde seg på denne store blokka med stjerne i stjerne. Ei blokk som kan brukast til mange ting!







Ingen kommentarer: