Juletrepynten for den 10. dagen i desember er ein liten og søt sak!
Denne kjem frå ei Pinterest-side med crazy quilt. Liknande side finn du HER, HER og HER. Besøk sidene og bli inspirert, for her er det fleire hundre bilder og mange tips om både sting og bildeutsnitt av ferdige broderte quiltar.
Som de ser så er dette sydd som crazy quilt og med fine broderisting som på innlegget frå 7. desember. Her er det brukt silke- eller satengstoff, noko som gjev pynten ein ekstra fin glans! Det er ikkje mønster til denne dråpeforma pynten, men dette klarer du vel godt utan også?? For når du berre syr i veg med dei stoffbitane du har, så blir det crazy med ein gong, og så prøver du deg fram med fasongen. Husk å ta omsyn til at du skal fylle den med vatt, så lag den litt "Stormaga"!
Om du teng tips til fine sting, så er det mange å finne på DENNE Pinterest-sida!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar