torsdag 19. februar 2015

Veskeorganiserar!!

Veskeorganiserar,......eit ryddig ord på ei lita ryddig sak! For vi som har sydd ei stund, vi er vel begynt å få oss eit lite lager av vesker??

Vi har handlevesker, reisevesker, jobbvesker, "Gå-bort-vesker", syvesker, ja ei for kvar anledning. Og mange av dei er nok litt romslege slik at vi får med oss alle dei tinga vi må ha, dei tinga vi kan komme til å trenge, pluss eit handarbeid sjølvsagt!!

I går dukka det opp eit bilde på Quiltesida av ein lur "Veskeorganiserar", ein "boks" med mange lommer, opne eller med glidelås. Fullt utstyrt med det ein treng å ha med seg, kan denne flyttast frå veske til veske, og vips så har ein det ein treng til ei kvar tid.
Denne er frå Pinterest.
 Desse to rosa stod på Quiltesida i går, laga av Vigdis Evensen, ho hadde kjøpt mønster i USA.

Denne er sydd som eit rektangel, og er kanskje avhengig av at du har vesker med om lag same storleik.

Ved søk på Pinterest dukka det opp utruleg mange ulike  sortar, og eg fann også ein modell som kanskje er endå meir brukbar. Den likna litt på den du ser over på bildet her, kikk på linken til Pinterest HER, så ser du mange liknande. Den er sydd som ei lang sak med lommer, og sett i hop truleg med borrelås. Med borrelås kan ein då justere kor stor den skal være, om du syr den til di største veske så kan du med mykje "overlapping" tilpasse den i ei lita veske.


Her ser du korleis denne lange delen er sett saman til å passe i ei veske. Desse bilda er frå Feltlikeknitting, her er mange bilder av slike ho har laga.

Pinterest finn du mange andre bilder.

Om du vil sy ein som har fast form som eit rektangel, så finn du eit mønster til ein slik på sida til Robert Kaufmann. HER er mønsteret, klikk på "Download this pattern".






Ingen kommentarer: