lørdag 25. april 2015

Årets BLÅTUR!

Vi er no i slutten av april og det nærmar seg årets BLÅTUR! Vanlegvis brukar vi å ha den i juni, men i år har vi valt å legge den til siste helga i mai; 30.-31. mai! ( Det blir då ikkje medlemsmøte 1. tysdagen i juni då dette er rett etter helga)

Dette blir ingen vanleg blåtur, for det er berre så vidt den er blå! Medlemmane er kjende med turmålet denne gongen, dette fordi vi vil markere 20-års jubileet vårt!!!  Så dette vert ei jubileumshelg til den vesle bygda Vedvik, ute ved det store BLÅ havet!


På bildet ser du Vedvik, frå odden og inn i bukta bak. Heilt bakerst ser du Stadt-halvøya.
Havet står rett på frå nordvest, og å være i bygda er fasinerande både i storm og solskin. Vi håpar sjølvsagt på solskin denne helga, slik at vi også får oss ein strandtur!

Bygda er næraste nabo til kjende Refviksanden, bildet under her. 
Sidan vi er quiltarar som skal jubilere, så har vi lagt opp til at vi skal gjere det vi likar veldig godt: Å SY!
Difor vert det jubileumskurs med Randi Røys, der vi skal sy ein sommarleg løpar. Randi har designa ein heilt ny løpar, denne skal vi sy! Det vert ikkje bilde av den her på bloggen, for litt spenning må vi ha på ein slik tur!

Vi gler oss veldig til dette, for ho har laga mønster for sal til flotte løparar tidlegare, sjå bilda under her. Randi skal også være kursholdar på Vestlandstreff i haust, så då kan andre utanfor klubben også få delta på kurs med henne!
 Desse tre er sydd av Haldis.
Denne er sydd av Randi.

Vi har ordna med lokale i grendahuset i Vedvik, og overnatting vert det ei råd med for dei som vil. Det er også mogleg å køyre fram og tilbake begge dagane om ein ikkje vil overnatte, det tek ca 1 t å køyre frå Nordfjordeid. Om du vil sjå fleire bilder frå Vedvik finn du bilder og info HER, ein nydeleg film om bygda på YouTube finn du HER. 

Det vert meir info på maimøtet, men kan du ikkje møte då, kan du ta kontakt med ein i styret.

1 kommentar:

truonghieunghia sa...

Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

An Thái Sơn chia sẻ trẻ sơ sinh nằm nôi điện có tốt không hay võng điện có tốt không và giải đáp cục điện đưa võng giá bao nhiêu cũng như mua máy đưa võng ở tphcm địa chỉ ở đâu uy tín.