Kurset vert helga 13.-15 november på Stokkenes Gjestegard, og på dette kurset får du lære å bruke linjalane Hex n More og Hunter's star.
Helle har god erfaring med desse linjalane og vil vise dei mange måtane å bruke linjalen på.
Under her ser du døme på kva slag blokker du kan få med Hex n more -linjalen.
På DENNE adressa på Pinterest finn du mange bilder av blokker/tepper mm. som er laga med denne linjalen.
Hunter star-linjalen gjev nydelege blokker, HER finn du mange bilder der denne linjalen er brukt.
Dette er linjalen Hunter's star.
Du kan melde deg på ved å kontakte Ingun på Primula Design, tlf 57861395/ 99482474
Obs! Klubben har ikkje desse linjalane, men begge butikkane våre, Primula Design og Lappestua-Eid fører desse linjalane.
Det vert også påmelding på medlemsmøtet 3.11.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar