søndag 28. august 2016

Sesongstart!

Vi byrjar snart på første haustmånaden og med det oppstart av dei faste møta våre igjen. Tysdag 6.9 møtest vi att på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30.

Velkommen også til nye medlemmer om nokon vil bli medlem eller berre sjå korleis vi har det i klubben vår.

Denne hausten vil vi prøve med litt endringar på møtestrukturen og på siste styremøtet 23.8 bestemte vi at vi vil ha "Vis og fortel" berre på annakvart møte. Dette er ikkje fordi at vi ikkje vil sjå dei flotte quiltane som de lagar, men fordi dette tek mykje tid som vi heller kan bruke til aktivitetar når vi møtest.

"Vis og fortel" denne hausten blir slik:

  • September: Utan "Vis og fortel"
  • Oktober:     Med "Vis og fortel"
  • November: Utan "Vis og fortel"
  • Desember:  Med "Vis og fortel"
Tema på møtet no i september vert linjalen "Lazy Angle". 

Denne linjalen har Ingun vist oss tidlegare, julekurs 2013,  og no har klubben kjøpt linjalen og bok som viser mange blokker du kan lage med den.
Aud L har brukt linjalen til dette fargerike teppet.

Vi skal lage ei lita blokk på ca 25x25 cm og så håpar vi at alle vil ta del i aktiviteten!

Ta med:
  • Linjalen "Lazy Angle" om du har den!
  • Skjæreutstyr og skjærematte (klubben sine matter vert ikkje på dette møtet)
  • Symaskin
  • Stoff: eitt til bakgrunn og eitt til "motiv"
  • Har du sydd noko der denne linjalen er brukt, så tek du det med!
HER er link til You Tube der linjalen er demonstrert.
På bloggen Trivsel og hobby er det eit innlegg om eit kurs med denne linjalen som Annaka hadde i 2013. På bloggen Anne Karis Quilt er det også eit innlegg om eit kurs med linjalen.

Gjer også merksam på at HAUST 2016 er oppdatert på høgresida på bloggen, der finn de også liste over matvertar  på kvart møte.

Då sjåast vi snart!!!




Ingen kommentarer: