søndag 11. juni 2017

Blåturen!

Årets blåtur er no historie, men vi håpar at det sit att mykje gode opplevingar! Litt kulturell historie fekk vi også servert!
 Turen i år gjekk austover, først E39 til Lote, deretter gjekk turen over Panoramavegen i Stryn kommune. Her er bilde frå utsikten på Kvalen med sikt inn mot Innvik.

Første stopp var å plukke opp guiden og medlem  Anne Marie som bur i dette området, neste stopp vart ved Coop-butikken på Sølvberg.

Der trudde nok alle at vi skulle på shopping, men butikken stengde ein halv time før vi kom.......

Då fortalde Anne Marie at i 2. etg på butikken heldt kunstnaren Magne Kristiansen til, med atelier og utstilling. Her kan du lese meir om kunstnaren.


 Vi fekk ei innføring i korleis han komponerer bilder med fargar, linjer og lys. Han smanlikna litt bruk av fargar med vår bruk av fargar på stoff, ein må ha lyse og mørke fargetonar for å lage djupne, kontrastar og perspektiv, og korleis framheve detaljar i eit arbeid.

Han brukte olje og akryl, vi brukar stoff!!

Dette flotte bildet av moskus held han på med no, det skal han ha med på ei utstilling seinare i sommar på Oppdal.


 Litt bilder frå utstilling i atelieet.

Vi var også på besøk på Sagedammen, ein flott plass like ved vegen litt lenger inne. 




 Sagedammen er ein kulturpark, dette kan du ma. lese om plassen på sida deira:

Kulturparken rundt Sagedammen på Ulvedal er ein populær stad for både private og større arrangement. Rundt
Sagedammen ligg 2 gamle sagbruk, eit overvasshjul og ei smie. Eit eldhus er reist med bakaromn som vert flittig brukt ved arrangement. Brøda frå denne omnen er svært populære.



 Ved den store dammen er det laga ein lang "tarm", dette er ein kopi av Nordfjorden!! Og sjå.......heilt til venstre på bildet over her, så er det komt bru på strekninga Lote-Anda!!! Dei har nok sett inn i framtida her!!!









 Mange flotte detaljar på dei gamle husa!








 Brua der "Bukkane bruse" gjekk på.....men ingen troll dukka opp denne gongen!


Siste stopp var på ungdomshuset "Fjellvarden" som ligg rett ved sida av Coop-butikken. Dette bygget var eit fantastisk arkitektonisk bygg som feirer 100 år i år. 

Bygget var teikna av arkitekten Magnus Dagestad og arbeidet utført av lokale Elias Sølvberg med ein del hjelparar reknar vi med. Elias har stått for all den flotte treskurden, fantastisk arbeid!!
Nils T. Sølvberg gav oss ei flott historie om korleis bygget vart til!






Langs begge langveggane var det tett i tett med dekorative utskjæringar!






 God mat vart servert av Nils T Sølvberg, fiskeform med salat og potetmos og nydelig kake!



Vi var 29 deltakarar som hadde ein fin tur, berre 3/4 time reisetid austover frå Nordfjordeid, men likevel opplevde vi alle noko som vi ikkje vi visste om frå før!! Å bli betre kjende med kunsten og historia i nærområdet vårt er veldig kjekt!

Tusen takk til Anne Marie som sette saman denne flotte blåturen for oss!
God sommar til alle!

Ingen kommentarer: