fredag 4. august 2017

Besøk hos Sybutikken Primula Design på Nordfjordeid!

Det vart endå eit butikkbesøk på underteikna! På Facebooksider ser vi at mange etterlyser info om kvar vi finn quiltebutikkar, men vi her i Nordfjord er visst veldig heldige. Med ca 3 mil imellom Fantasi på Sandane og Primula Design på Nordfjordeid, må vi vel kunne seie at vi bur midt i Vestlandets "Quiltemekka"!!


Sybutikken Primula Design er den vesle koselige butikken som ligg i den vakre Eidsgata på Nordfjordeid. Når ein går inn i butikken, så vert ein berre ståande og sjå. For her er det fullt med inspirasjon! Rundt om i butikken er det mange modellar innimellom flotte kolleksjonar med stoff, fint omramma av interiørartiklar (butikken er også ein interiørbutikk).


Her er det sydd ei toalettveske av dette flotte stoffet!

Eigaren Ingun har ein sykrok midt i butikken, her sit ho og syr modellar og på disken demonstrerer ho gjerne ulike teknikkar og bruk av nyttige linjalar.
Denne nye linjalen anbefaler ho sterkt, veldig fin til ma. reinskjering av blokker.





 Dei nye stoffa over her er i spreke fargar og mønster!

 Her er det rikelig med fristande stoff! Er du i tvil om fargeval, så er Ingun veldig flink til å setje saman stoff som passar til syprosjekt!!

 Ingun er ei kreativ dame, for ser ho ein idè slik som puta i sofaen under her (eit interiørblad), så designer ho lett si eiga pute. Her har ho brukt linjalen Hex n more og fått til ein modell som ser heilt lik ut!!



 Flotte blomstrande stoff over, og vakre motivstoff under. 







 Butikken har eit stort utval av mønster og bøker, så er du på jakt etter noko, så er det berre å spørje!




 I det siste har interessa for sying av kle auka stort, spesielt etter at mange no har kjøpt seg overlockmaskin. Butikken forhandlar Bernina og har fleire utstilte symaskinmodellar.
Her er også jerseystoff og mønster til kle for både liten og stor, så her får du hjelp til det meste!!
Butikken har ikkje nettbutikk, men sender gjerne i posten om det er noko du har bruk for! Butikken er også med på alle møta i klubben vår, noko som vi er utruleg glade for! For ein service ho gjev til kundane sine!! Tusen takk!

Stor takk til Ingun for at eg igjen fekk gå rundt i butikken og ta bilder!!

Sommarhelsing frå
Mariann
-leiar NLQ-

1 kommentar:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.