søndag 30. september 2018

Velkommen til quiltemøte!

Oktobermøtet er nær,  og 2.10  kl 18.30 møtest vi igjen på Stokkenes Gjestegard til trivsel og inspirasjon!

Denne gongen har vi invitert gjester frå naboklubben vår; Gloppen lappe- og quilteklubb! Velkommen skal dei være, det skal bli kjekt å møtast og dele litt erfaringar med kvarandre!

Tema på møtet denne kvelden er "Katedralvindu"! Det er ein syteknikk vi har høyrt om lenge, men ikkje brukt noko særleg, truleg fordi den er tidkrevjande å lage. Men den er dekorativ, og brukande til mykje! Kanskje ikkje til dei store arbeida, den passer kanskje best til brikker, løparar, pynt på vesker og liknande. Det er visst også fleire måtar å lage den på, så vi har kanskje litt å lære oss???

Vi håpar at dei som har noko som er laga i denne teknikken, vil ta det med å vise oss andre.
På møtet tenkjer vi at dei som vil prøve dette, skal få enkel instruksjon i korleis ein syr den. Mariann vil vise teknikken, er ingen ekspert, så om nokon av dei frammøtte har erfaring, så skal vi nok få dette bra til i lag!


(bilda er henta frå søk på internett.)

Info frå Mariann:
Etter litt utprøving så har eg komt fram til ein storleik som er passeleg å jobbe med. Det er litt maskinsaum, men eg tek med symaskin som ein kan låne, det er berre nokre få saumar som skal syast.  Resten er handsam. Eg legg også ut nokre bilder av førebuing som du kan gjere heime, sjå lenger nede.

Her er det du treng å ta med:

  • To stoffbitar 9x9 inch, bruk eit stoff som er ensfarga eller nøytralt i mønsteret. Eg anbefaler eit stoff som er tynt, dvs at det er mjukt og føyelig å arbeide med, då får du best resultat.
  • To stoffbitar til å ha i midten, ca 3,5 x 3,5 inch, men dette må du tilpasse når du skal bruke det. Tenk på at dette stoffet blir hovedfokus, sjå nåleputa over her.
  • Saks, sysaker, knappenåler og sytråd som passar til hovedstoffet.
Forarbeid heime til den som vil det:
 To stoff på 9x9 inch
 Brett kvart stoff dobbelt og sy dei to sidesaumane.
 Åpne opp og brett sammen den andre veien slik som bildet under viser.
 Sy saum slik bildet viser, men ha ei opning på ca 3 cm på eine sida av midten.

Resten tek vi på møtet!

Her er link til ein anna framgangsmåte!

Møteplan elles vert:
  • Info frå styret
  • Butikk med fristande stoff og utstyr
  • Kaffipause
  • Lotteri med quiltegevinstar
  • Vis og fortel

Velkommen til møtet, både gjester, medlemmer og til dei som kanskje vil bli medlem!

Ingen kommentarer: