søndag 5. januar 2020

Oppstart 2020!

Nytt år, nye muligheter, nye idear og nye møter i klubben vår!

Vi ynskjer velkommen til årets første møte i lokalet vårt på Stokkenes gjestegard tysdag 7.1 kl 18.30!

Årets første møte brukar vi å kalle quiltekafe, vi lagar til ein god start på året ved å lage til småbord der vi kosar oss med kjekt arbeid, god prat og mat!

Ta med deg eit lite syarbeid du held på med, og har du ikkje det akkurat no så kikk her:

Haldis fekk med seg "nåleputeboka" på forige møte, ho har sydd ein modell og vil lære oss dette:

  • Applikasjon for hand
  • Bruk av frysepapir
Så ta med deg litt stoff til bakgrunn og motiv, saks til papir og stoff og sysaker. Klubben har frysepapir å dele ut.
Haldis har fyllt denne med fuglesand, eit anna godt tips fekk vi frå Janne: samle på alt avskjær av stoff og stapp i!!

Så ein beskjed til dei som har vore med i gruppene som har sydd på blokker til kvarandre: Ta med deg dette på møtet!

Det vert info om linjalkurset vi skal ha med Ingun. Dette kurset vert eit dagskurs søndag 19.1 og temaet er "Trekantar" som vi lagar med dei linjalane vi har. Her får vi lære å utnytte det utstyret mange av oss har, men ikkje kan nok om, for det er så mange muligheter skjult i dei ulike linjalane og strekane på både dei og skjæremattene!

Ingun har laga modellar ho vil vise. Det vert påmelding til kurset på møtet, så om du vil være med men ikkje kjem på møtet, må du melde deg på til kursleiar Synnøve på tlf 980 05242.

Her er nokre bilder til  inspirasjon og som de ser så kan ein trekant lage mange nye former! Alle bilda er henta fra Pinterest .




Ei oppfording til medlemmane også: ta med deg ein eller fleire quiltar med trekantar for å inspirere oss andre!
  • Det vert som vanleg ein god kaffipause, matvertar er Elin Torvik Grov, Mona Skålerud, Linda Honningsvåg og Eli Kriken.
  • Lotteri
  • Vis og fortel

Velkommen til møte både nye og "gamle" medlemmer!




Ingen kommentarer: