lørdag 4. april 2020

Velkommen til aprilmøtet!

Ja vi ønsker velkommen til aprilmøte, og det er ingen aprilspøk i desse tider!! Men ingenting hindrar oss i å ha kontakt når det gjeld å dyrke hobbyen vår, det er berre måten det blir gjort på!!

Difor inviterer vi no til digitalt møte på den nye interne medlemssida vår  på Facebook tysdag 7. 4 kl 20-21!
 Nesten alle av våre 50 medlemmer er på Facebook og er no knytt opp til denne sida.


Reknar ikkje med at teknikken innan symaskiner er komt så langt at du kan sjå alt på skjemen på symaskina, i så fall er nok prisen urimelig høg!! Så ta fram pcen og rigge deg opp på ein koselig plass. Du treng ikkje rydde rundt deg, for dette vert ikkje noko videomøte...…!!


  • Kveldens aktivitet kjem som eit dokument som de vil finne i innlegg eller under Filer i løpet av kvelden. Bloggred, har tidlegare lova å lage til eit vårleg stitcherymønster, reknar med at det skal komme noko!! Om du vil starte med ein gong, så må du ha skrivar, lyst bakgrunnsstoff i A4 størrelse og utstyr til å overføre til stoff, td. lyskasse.
  • Det vert "Vis og fortel" der vi oppmodar medlemmane til å legge ut bilder under kommentarer, så førebu deg  ved å ta bilder i godt lys av det du vil vise. Det kan vere noko påskerelatert, nytt eller gammalt, ein fin påskedekorasjon, det kan vere noko du held på med og vil ha råd om eller noko anna du vil vise som vi andre kan ha glede av. I etterkant er det mulig at bloggred lagrar bilder frå denne kvelden og legg ut samla her på bloggen.
  • Denne gongen må du vere din eigen matvert, men det blir kaffi/tepause under heile møtet!! :) Vis gjerne bilde av god mat og du kan også dele oppskrifter!!Her blir det høg kosefaktor.

  • Sybutikken Primula Design kan nok ikkje stille med fysiske varer slik vi er vane med, men håpar at det kjem bilder av varer som fristar og kanskje gode tilbod til oss. Og servicen der manglar ikkje, for i etterkant kan du få henta det i butikkdøra eller du får det sendt i posten!!

Då ønsker vi velkommen til premieren av vår nye måte å ha quiltemøte på!!

Ingen kommentarer: