søndag 28. juni 2020

Hobbylaurdag!!

Komande laurdag 4. juli må du ta turen til Eidsgata på Nordfjordeid!! 

Då arrangerer handelsstanden HOBBYLAURDAG! Det vert fokus på hobby og kor mange ulike hobbyar som kan "dukke opp" i gata, det gjenstår det berre å sjå!

Handelsstanden som sel det som trengs til hobbyar, vil no promotere varene sine godt i butikkar og i gata. I tillegg så vert det høve til å ha stand i gata der ein kan selje sine produkt. Ta kontakt med handelsstanden på info@eidhandel.no for påmelding, ope for alle!!

Våre medlemmer vert også herved invitert til å ha ein stand i gata, så for meir info og planlegging/orientering så kan vi kontakte Ingun på Primula Design . 

Bildet er teke ved butikken til Primula Design.

Dette skal bli kjekt, så då håper vi at sola skin i den vakre gata vår denne laurdagen!!

Ingen kommentarer: