torsdag 19. november 2020

Desembermøtet!

 Det er snart desember og vi skulle no ha gleda oss til årets koseligaste medlemsmøte. Som alle veit så må vi begrense mest mogleg møteaktivitet, så difor må de no førebu dykk på å lage til tilsvarande kos framfor pcen.

Så gjer dykk klar tysdag 1. desember kl 18.30 med både god mat, julepynt og koselig handarbeid. 

Alt foregår på den interne medlemssida vår på Facebook.

Vi skal ha Vis og fortel som vanleg, så bruk dei neste dagane til å ta bilder av quiltar i godt dagslys.

Som på alle julemøter tidlegare, så har Siv gleda oss med ein kjekk aktivitet. Vi kan ikkje skuffe dykk i år heller, så difor har vi no laga til julepakke til alle medlemmane som styret no distribuerer på ulikt vis. Nokre får den levert direkte, nokre blir lagt i postkassa av ein i styret og resten syter Posten for! Dette siste gjeld dei som ikkje bur i Nordfjordeid/Vågsøy-regionen.


Denne pakken kjem til deg snart, og om det ikkje står skrive noko utanpå, så skal den ikkje opnast før 1.12 kl 18.30!  (OBS! Kl 20 er det trekning! Lodd ligg i posen!)

Velkommen til ein koselig  digital kveld!

Ingen kommentarer: