torsdag 2. desember 2021

Vi skal arrangere!!

Her kjem ei gladmelding til alle som er interesserte i lappeteknikk, quilting og nydelig handverk med stoff i ulike kvalitetar!

Vi skal arrangere REGIONSTREFF VÅREN 2022!

Arrangementet vert på Nordfjordeid laurdag 2. april, så sett av datoen!!



Regionstreff er eit arrangement der vi inviterer alle quilteinteresserte til eit inspirasjonstreff. Regionen vår er Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og naboane våre i aust i Skjåk. Vi har tidlegare arrangert dette treffet to gongar, og andre lag i regionen har også vore arrangør.

Det vert arrangert på tradisjonelt vis med utstilling der både vi i klubben vår og gjester stiller ut, eit interessant og aktuelt foredrag og kjekt sosialt samvær.

Meir informasjon vil komme her etter nyttår, og det vil bli sendt ut invitasjonar til quiltelag vi kjenner til eller finn registrert på sida til Norsk Quilteforbund. 

Gjer merksam på at arrangementet vert ope for alle, ein treng ikkje å være medlem i noko lag for å delta.

Og som alltid i desse koronatider, så håpar vi at vi går gode tider i møte slik at arrangementet kan gjennomførast!

Ingen kommentarer: