søndag 2. august 2026

Lappeloftet, den vesle quiltebutikken i Vågå i Ottadalen!

 

Reisebrev frå bloggredaktør Mariann!

Vi som driv med quilting, erfarer no at det har blitt langt mellom dei fysiske quiltebutikkane. Men nokre gjev ikkje opp, kanskje "liten og sta" kan ein kalle "Lappeloftet" som har lokale midt i Vågå sentrum i eit bittelite gammalt hus. Ein meir sjarmerande quiltebutikk trur eg ikkje finst!! Så køyrer du gjennom Ottadalen, må du ta eit besøk, Vågåvegen 48, men sjekk opningstida!




Her finn vi ei fin blanding av teknikk og historikk. Sjå på denne gamle enkle symaskina, reine museumsgjenstanden. Og på veggen heng eit stort lappeteppe, handsydd i teknikken "Log cabin". 

 Teppet er sydd rundt år 1900, så denne enkle men fine teknikken lever enno etter 126 år!!



Lappeloftet er driven av ei erfaren quiltedame, Tone Brun, og i butikken finn ein mange modellar og eit flott utval av stoff i glade fargar. Flotte lokalproduserte saueskinn finn du også der. Butikken arrangerer også kurs innimellom, og nokre av våre medlemmar har delteke.

Eg oppfordrar alle som driv med stoff, quilting og søm generelt, om å både besøke og bruke dei fysiske butikkane vi har att. Det er truleg berre 2 slike butikkar i Gudbrandsdalen!! Det er noko eige å sjå på og setje saman fargar, ofte treng vi berre stoff til å supplere det vi har frå før, og å samanlikne fargar klarer ein ikkje i nettbutikkar. Gode råd og sytips til det du skal lage, får du gratis i butikken!!


















Eg besøkte butikken siste veka i juli, det var fint ver og då var det også fin utstilling ute. Berre nyt den vakre bilen til Tone, "sommarbilen" kallar ho den, og om du ser den utanfor butikken, så er der ope!!










Tusen takk til Tone for at eg fekk ta bilder i butikken, og sjølvsagt vart det litt handel også!!

Ingen kommentarer: