mandag 12. mars 2012

"Sminkepunger og små skrin"-kurs

Ei flott kurshelg med Annaka sitt kurs "Sminkepunger og små skrin" er over melder deltakarane, og etter bilda å dømme, så har dei jobba for fullt heile tida. Dei har fått lære mange lure teknikkar, og har hatt mange "minikurs" i kurset. Dei melder òg om avslappa stemning og mykje humor, ....då må vel dette ha vore ei perfekt helg???
Skrinet under her er Annaka sin kursmodell.















lørdag 10. mars 2012

Årsmøtehelg!


God morgen, sa vi til kvarandre i dag tidlig då mange quiltemedlemmer møttest på Nordfjord hotell. Kl 8.30 var vi der! Til ein lang og god frukost! Vi har i fleire år hatt som tradisjon å møtast til frukost før årsmøtet. Dette er ein god start på dagen, og sidan vi skal få til både årsmøte og kurs same dag, så er dette ein fin måte å dele opp dagen på.
Årsmøtet starta kl 10, litt skuffande var det at berre 1/3 av medlemmane møtte fram! Det er nok ulike årsaker til dette, men vi hadde sett at medlemmane viser meir interesse for det arbeidet vi legg i drifta av den aktive klubben vår.
Men årsmøtet kom i mål, vi hadde gode diskusjonar og aktive deltakarar, og vi har fått nokre nye inn i styreverv. Her er det nye styret:
  • leiar Anne Marie Holsvik
  • nestleiar/blogg/bibl Mariann L. Hatlenes
  • kasserer Laila S Brekke
  • sekretær Hilde Elvebakke NY
  • infoansvarleg Torunn F Utnes
  • materialforvaltar Berit Jakobsen NY
  • kursansvarlege Siv E. Smørdal/ Inger Lise Strand
  • valnemd: Wenche Svoren og Aud Torheim NYE, Aud N. Saltkjel
  • revisor Ingebjørg L. Utnes, Ingrid Myklebust NY

Vakre blomsterbukettar vart overrekt til dei to som gjekk ut av styret: Elin Grinde og Inger Starheim.

Heile 20 deltakarar er det på årets årsmøtekurs med Annaka, her får dei instruksjon og gode tips når dei skal sy "sminkepunger og små skrin"!Her er den sunne avslutninga på morgonens frukost på hotellet, og som dyktige quiltarar ofte gjer når ein kosar seg,......så tek ein opp eit lite syarbeid når høvet byr seg,......også på hotellet!

Lunsjen på kurset denne helga "tar kaka"!! Eit flott koldtbord levert av Mega, her var det litt for einkvar smak! Årsmøtet og kurset denne helga er nok høgdepunktet i året, då er det òg litt kjekt å gjere ære på medlemmane som gjennom heile året gjer sitt til at vi skal ha ein god og aktiv klubb.



mandag 5. mars 2012

Tid for rosa!

Rose er eitt av motiva du kan sy på neste medlemsmøte i NLQ. Og har du tenkt å sy roser i rosa fargar, så har Primula Design halv pris på rosa stoff denne veka. Dette kunne vel ikkje passa betre for oss som likar å gjere gode stoffkjøp??Reknar med at det vert litt rosa stoff å få kjøpt på klubbmøtet også!

Nytt kalenderprosjekt!


Det er mars og vi startar på eit nytt år! På siste klubbmøte vart vi enige om å starte opp med fellessying av kalenderblokker. Alt treng ikkje å starte i januar fann vi ut, så no er vi i gang.

Inspirasjonen til dette kjem frå vår flinke og aktive medlem Randi Røys. Ho har teke utgangspunkt i ein vanleg kalender som hadde flotte strektegningar. Det er Randi som har sydd blokka på bildet, og det er ein kombinasjon av applikasjon og stitchery.
Månadsblokka brukar ho i eit oppheng av smijern som ho har kjøpt hos ein smed i Jølster. Vi skal få sjekka opp kvar dette stativet er å få kjøpt, meir info kjem her eller på epost til
medlemmane.
Mønsteret til blokka vert sendt ut på epost til dei av medlemmane som har det, dei andre får kopi.

søndag 4. mars 2012

Marsmøte!


Bildet og mønster er henta frå Yvonnes.dk

Det er VÅR og då må vel vårblomster være det rette blomstertemaet på neste møte.
Vi har valt ut 2 blomster, ein krokus og ei rose.

Teknikken vi har tenkt å fokusere på er papirsaum/ saum på vliselin med symaskin eller for hand. Vi er vane med å sy med maskin på papir, dette vert litt vanskeleg om ein vil sy for hand. Difor kan du velje om du vil ta med symaskin eller berre synåla!! Om du vil sy for hand, så må mønsteret overførast til eit fast materiale, td. vliselin eller tearaway. Då må ein ta med seg lys så vi får laga oss "lyskasse", for det er truleg ikkje nok dagslys til at vi kan bruke lys frå vindauget når vi skal overføre mønsteret.

Ta med deg det utstyret du treng til syinga, og stoffrestar til blomstane. Dei ferdige blokkene er ca 15 cm, så det er ikkje store stoffbitar du treng.

Denne modellen har bloggred. sydd i dag, Fritt etter originalmønsteret. Denne er med eitt blad, men som de ser kan den òg syast med to blad og ein litt mindre blomst.

Om du ynskjer å sy andre slike blomster, så er her mange fine motiv til papirsaum på DENNE sida. Mønstra er veldig små, så dei må bearbeidast litt på pcen!

Då møtest vi tysdag 6.mars til ein koselig sykveld på Stokkenes Gjestegard!

Bilder frå februarmøtet


Blomstertemaet vårt fortset i år også, på dette møtet var det Ingun som viste teknikken "Snøball". Samansette snøballar vert her ein fin og enkel blomst.
Siv demonstrerte ein enkel måte å overføre sjablonmønster til stoff. Med ein "svamp" som er fyllt med kritt, så for ho over sjablonen med lette trykk. Mønsteret låg att og det er enkelt å sy! Og like enkelt er det å fjerne det: Dra over varmt strykejern, og vips så er krittet borte!!
Veske sydd etter mønster frå MyQuilt
Sjå på denne flotte namnelappen på baksida!