torsdag 9. januar 2014

Kurs "Crazy-quilt løpar"

Om akkurat to veker i dag, torsdag 23.1, arrangerer klubben eit kveldskurs : Løpar/festremse i Crazyquilt-teknikk.  Kurset vert på Stokkenes Gjestegard og er kl 18-22.
Kurset er no fullteikna og vel så det. På siste medlemsmøtet kom dei siste påmelde til, og vi vert heile 23 på kurset!

Slike kortkurs har vore veldig populære i klubben vår, og vi oppmodar medlemmane om å komme med tips til kursleiar Ingun om andre slike kurs de kan tenkjer dykk.
Vi har også fått fleire nye medlemmar i år, og vi lagar gjerne til kurs i teknikkar medlemmane vil lære meir om!

Marie Myklebust frå Gloppen skal lære oss korleis vi skal "blande" fine stoff til blokker. Her er det nok rom for å utfolde seg når Marie har lært oss lure teknikkar!
 Det skal bli skikkeleg kjekt å sjå resultata på kurset, for når vi er over 20 på kurset, så blir det også like mange variantar i fargar og mønster. Og mange tips til oss sjølve om bruk av fargar! Dette gler vi oss til no!


Januar!

Vi har tidlegare hatt kalendarbilder som tema gjennom eit heilt år. Mønster til dette bildet vart delt ut på medlemsmøta, men det ligg også ute link til mønster på bloggen vår. Det vart oppretta ein eigen blogg for dette, KALENDERBLOGGEN!
HER kjem du til mønstersida for JANUAR. Dette rekk du vel å sy denne månaden om du ikkje har gjort det før???

Har du lest Quilteeventyret? No lurer bloggred. på om nokon har laga fleire/ gjort ferdig kalenderbilder sidan sist! Vil gjerne ha fleire bilder til å legge inn på kvar månad, så send inn bilde på epostadressa som står oppe til høgre på bloggen, legg inn på Facebooksida eller ta med på neste klubbmøte!

søndag 29. desember 2013

Januarmøte 2014!!

Då er det snart 2014, og det er vel mange som gledar seg til å starte opp eit nytt og aktivt quilteår!
Neste quiltemøte er like om hjørnet, og tysdag 7. januar kl 18.30 møtest vi att på Stokkenes Gjestegard som vanleg!

Vi tek like godt ein pangstart på dette møtet der vi har Quiltekafe og kosar oss med medbragt syarbeid.
Bildet av koppen er lånt frå bloggen til Lappedamen! Flott kopp!

OG.........
Etter suksessen frå maimøtet, så prøver vi oss igjen med LOPPEMARKNAD! Her kan du legge fram til sal quilterelaterte saker og ting du ikkje har bruk for, og vi strekkjer oss også til å la det gjelde andre handarbeidsting også. Bøker, mønster og blad er kjekke ting å få kjøpt for ein rimeleg sum. Minner då om at de må merkje varene med pris og namn og det er eigaren som sjølv ordnar med betalinga.

På desembermøtet var det info og påmelding til minikurset (3 t) vi skal ha med Marie Myklebust torsdag 23.1, dersom nokon fleire vil delta, må dei melde seg på seinast på dette klubbmøtet.

Vi lærer å sy ein flott løpar/festremse i ein god crazy-quilt-teknikk!

 To artige crazyquilt løparar, så enkelt  men så dekorativt!! Dette skal bli ein kjekk kveld, vi gledar oss Marie!!!

søndag 1. desember 2013

Desembermøte!

Det er allereie blitt desember, og tysdag 3.12 er det igjen tid for julemøtet vårt.
Vi har laga oss koselege tradisjonar for desembermøtet, og vi skuffar ikkje i år heller, det blir "the same as every year"!!
Både Julekomiteen og styret har førebudd seg godt, og vi ser fram til koselege timar i lag. Torunn har også sendt ut julebrev på epost og pr. post, så vi håpar at alle har fått lest dette.

Det vert også ein ukjend aktivitet på møtet, ikkje eingong underteikna veit kva vi skal gjere på. Det kan vel være lurt å ta med seg vanlege sysaker for kjekk handsaum får vi tru??

Styret har også ei lita oppfordring til eit spesielt "Vis og fortel" denne gongen. Vi har ikkje heilt kontroll på kor mange år vi har fått Siv på Lappestua til å lage til ein julete syaktivitet for oss, men mange er det blitt. Og mange fine figurar har det også blitt, og nokre ligg kanskje og ventar på å bli ferdigsydde??
Difor ynskjer vi at de tek med dykk alle desse små tinga de har laga på julemøta så vi får sjå kva vi har gjort opp gjennom åra! (og kanskje vert nokre endeleg ferdige denne kvelden også??)

Vi håpar også at de tek med dykk det som de har sydd på kursa i haust, for jammen har det blitt mange kurs!!
På møtet vert det også info om kurs etter nyttår, det er stadig noko nytt å lære!!
Velkomne til møtet!

lørdag 9. november 2013

Julekurs!

Klubben vår arrangerer julekurs  23. og 24. november v/Ingun Vaksdal frå Primula Design.

I haust har vi hatt fokus på bruk av linjalar på kursa, dette julekurset vert også eit linjalkurs. Vi har svært gode erfaringar med dei nye linjalane av ulike slag, at vi har valt dette no også.
Det er også ei bok til, og om du ser godt på framsida, så står der at det er 250 ulike blokker ein kan sy!!

Denne gongen er det linjalen Lazy Angle som er hovudfokus, men det vert også høve til å bruke andre linjalar. Vi har sett at ein linjal som er enkel å sjå til, kan gje utruleg mange former i ei blokk. Når vi så er mange i lag på kurs og alle vel sine fargar, ja så vert det utruleg mange inspirerande blokker som vert sydd. Lazy Angle har hundrevis av moglegheiter, så dette gler vi oss til å delta på.

Det var påmelding på siste klubbmøte, vi har nok påmelde til at kurset kjem i gang, men det er nokre ledige plassar att om det er fleire som no vil vere med.

Ingun har laga nokre kursmodellar, fleire er under arbeid. Om du har spesielle ønsker om blokk, ta kontakt med Ingun, så førebur ho eit opplegg til deg!!





Du kan sjølvsagt sy i fargar som ikkje er typisk jul, dette teppet vart vist på eit klubbmøte i vår.

Det vert også høve til å prøve denne blokka under her, den er ikkje sydd vha. linjal, men av maler. Flott blokk med "sirkeleffekt" når ein set saman fleire blokker. Den heiter Winding Ways.

 Dette bildet er frå bloggen til Gloppen lappe- og quilteklubb.
 Dette bildet og dei andre under er henta frå søk på Google.
 Her ser du tydeleg sirkelformene når ein set saman fleire blokker.

Som før når vi har ledige plassar, så inviterer vi også "ikkjemedlemmar" til å delta på kursa våre. Vi presiserer likevel at medlemmar i klubben har førsteretten til plass på kurset om det er mange som no vil melde seg på. Så om medlemmer no vil delta, ta kontakt snarast med kursansvarleg Ingun.

Vi sender også invitasjon til Gloppen Lappe- og Quilteklubb om nokon der vil melde seg på, elles kan andre som ikkje er medlem i klubbar også få delta. Kontakttelefon for påmelding er til kursansvarleg Ingun Vaksdal tlf 57861395 kl 10-16.30.

fredag 8. november 2013

Resteteppetips!

På siste klubbmøtet fekk vi sjå eit utruleg flott resteteppe. Laila P hadde sydd det,......berre av restar frå skuffa sa ho. Ho vart nok overraska over all den positive responsen ho fekk på dette "glade" teppet, og ho fekk også spørsmål om kva for ein linjal dette var! I det siste har vi hatt mange linjalkurs, så dette var nok eit naturleg spørsmål!

Men her er ingen linjal brukt, og etter at underteikna spurde Laila om ho kunne forklare nærare framgangsmåten, så har ho laga eit flott og oversiktleg innlegg på bloggen sin om dette. HER kjem du rett til oppskrifta!

torsdag 7. november 2013

Nydelige kaker!

På eit kurs i haust vart det servert to gode kaker som medlemmane etterspurde oppskriftene på. Bakarane Gunnvor og Grete har delt dei gode oppskriftene sine med oss. Tusen takk til dei!


KVÆFJORDKAKE frå Grete

100 g sukker
100 g smør
4 eggeplommer
4 ss melk
100 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1/2 ts vaniljesukker

Rør smør og sukker kvitt, rør så i eggeplommene. Ha så i melk og resten.

Stryk deigen utover langpanne kledd med bakepapir.

Marengs:

4 eggekviter
200 g sukker

Stivpisk og smør over deigen. Dryss over 100 g hasselnøtter.

Steik v/160-170 gr i 30 min midt i ovnen.

Fyll:
Del kaka i to og ha fyll på eine halva.
Grete hadde ein lur variant: 1 pk Piano vaniljekrem, stryk denne ut over botnen. Deretter eit lag med 1 pk piska kremfløyte. Det lure er at når desse to fylla ikkje vert blanda, så vert ikkje fyllet så rennande!!



OSTEKAKE frå Gunnvor

Bunn :

225 g. grove kjeks Digestive       
125 g. margarin


Knus kjeksene, smelt smøret og bland sammen,
trykk det ut i en rund form.

Ostekrem : 
2 pk. gourmet naturell
110 g. melis
1 ts. vaniljesukker
1 beger lettrømme
1 pk. sitrongele, blandes med 2,5 dl. vann
3 dl. fløte, piskes stiv
tilsettes i denne rekkefølge
sitrongeleen skal være godt avkjølt 



søndag 3. november 2013

Novembermøte!!!

Vi er snart klare for novembermøtet som er tysdag 5.11, og dette håpar vi skal bli eit spesielt møte!

Denne kvelden kallar vi Tilda-kveld! Vi har invitert Karen Grov frå Sandane, ho er ei av dei som verkeleg har fordjupa seg i Tilda-serien. Ho har laga mange ulike dukker som ho vil vise oss, HER kan du sjå frå då ho viste fram i Gloppen Lappe- og quilteklubb i vår.


Alle bilda i innlegget er henta frå Googlesøk.

  • Karen vil vise oss ein del modellar ho har laga.
  • Ho vil vise oss litt praktiske tips når du skal få til desse dukkene, td. korleis ein stappar desse lange og tynne kroppane.
  • Korleis ein brukar sminke for å få fram ansikta og vi håpar også å få tips om hårfrisyrar.
  • Butikken "Ronny rør" på Sandane har ein del Tilda-utstyr for salg, og Karen kjem til å ha med seg litt utstyr til sals.
  • Klubben har nokre Tildabøker, Karen tek også med seg bøker og aktuelle mønster til både saum, stitchery og applikasjon.
Planen for kvelden er slik:
  • Når Karen er ferdig med inspirasjonsinnlegget sitt, så håpar vi at mange har lyst til å lage noko Tildarelatert. Det er fint om du tenkjer litt på dette no i forkant, gjerne googlar litt og ser kva du finn på nettet. På DENNE bloggen finn du mykje Tilda stoff. 
  • Det vert høve til å bruke symaskin, så her kan du lage dei figurane du vil!
Ta med deg:
  • Symaskin??
  • Vil du sy stitchery, så tek du med utstyr til dette.
  • Applikere? Ta med tråd, vlisofix og stoff.
  • Lage figurar: Karen tek med hudstoff og litt Tildastoff for salg. Ho tek også med vatt om du ikkje har sjølv. Stoff og blonder til kle, kanskje knappar og trå som passar til hår?
  • Karen foreslår også applikasjon på småting, td. å lage småpresangar som td. Lavendelposar.

Her er litt inspirasjon henta frå Google:







Tilda er også velkjend i utlandet, her er ein "Kakeengel" frå bloggen til Las Tildas de Arime i Spania, gjer eit besøk her, for her er det mykje lekkert å sjå!!!
(psst! bloggred. har lyst å sy ein slik, er det fleire som vil det???)

Då håpar vi på at dette skal bli vellukka inspirasjon til oss. Og om du berre vil sjå på, så ta med deg eit anna syarbeid denne kvelden!

Denne kvelden vert det også påmelding til Julekurset v/Ingun Vaksdal. Dette kurset går 23. og 24. november. Om du ikkje kjem på møtet, kan du mede deg på ved å kontakte Ingun.

Vi håpar også at vi vil få sjå MANGE arbeid på "Vis og fortel", vi oppmodar faktisk til at de tek med dykk rikeleg denne gongen. Årsaka er at det vil komme journalist på møtet, og då er det kjekt at det fløymer av flotte quiltar!!!

Velkomne til både "gamle" og nye quiltarar!!



mandag 21. oktober 2013

Nordisk quiltetreff

Nordisk quiltetreff er eit årleg arrangement og finn stad i mai/juni. Neste år er treffet i Sarpsborg, 30. mai- 1. juni.

I går vart det opna for påmelding til arrangementet på nett, og det er i alt 36 kurs i løpet av desse dagane! Invitasjon har vore sendt ut som vedlegg til Norsk Quilteblad tidlegare,  HER kjem du rett til den!

Norsk Quilteforbund skriv også om treffet.

Det vert også arrangert ein konkurranse , HER finn du meir info om den.
Konkurransen har temaet MIN SKATTKISTE, her er klipp frå sida:


Du inviteres til å delta i en juryert konkurranse og utstilling med tema:
Min Skattekiste.
Du kan delta i to kategorier: Tradisjonell og Art Quilt.



tirsdag 15. oktober 2013

Kurs med Ati!

Som dei fleste av medlemmane våre er gjort kjend med, så vart kortkursa med Ati Ham Sas utsette tidlegare i denne månaden. Men dei vart ikkje avlyste, så her kjem dei avtalte datoane:

Det vert to korte formiddagskurs desse to laurdagane:

  • 9. november
  • 16. november
Teknikken de får lære er korleis ein lagar dei vakre blokkene til Ati. Dei byggjer på ei Crazy quilt blokk som vert pynta med broderi, blonder mm.

Det er mange påmelde på kursa, om du vil vere med må du ta kontakt med kursleiar Ingun i løpet av denne veka. Då får du vite om det er ledig plass. Dei som er påmelde, vil få epost med info om tid og stad frå Ingun.