lørdag 10. november 2018

Så er vi godt i gang med kurs!!

Ja no kosar vi oss på kurset "Oldemorsruter"  med Mona Bauge!! 



To dagar er over, og vi er godt i gang med blokkene våre. Og det er eit fargerikt skue ut over borda og golvet, her blir det litt for ein kvar smak!



Planer er her, ei pute eller ein løper? Slumreteppe eller noko på veggen? Eller eit sengeteppe? Vi syr iallfall, så ser vi kva vi får gjort i morgon også. Kurs med Mona kan iallfall anbefales!!














tirsdag 6. november 2018

Snart kurs "Oldemorsruter" med Mona!!

Det er berre få dagar att til "Oldemorskurset" med Mona Bauge og vi gleder oss til dette kurset! Mange har ønska seg dette kurset lenge, og no er vi klare!!

Sjå dei flotte variantane på bilda frå Pinterest! Her kan du lage tepper med mørk bakgrunn, restetepper, juleteppe eller eit stilreint teppe!!






Kurset er 9.-11. november og er på Stokkenes Gjestegård på Nordfjordeid.

  • Fredag    9.11  kl 18.00-21.30
  • Laurdag 10.11 kl 10.00-16.30
  • Søndag 11.11  kl 10.00-15.30


Vi har enno nokre få ledige plassar, og opnar opp for at også dei som ikkje er medlem i klubben vår, kan få delta! 

Det er også høve til å gå berre halvt kurs om du ikkje har høve til å gå heile helga, det som då er tilbodet er:

  •  fredag kveld kl 18.00- 21.30
  • laurdag          kl 10.00- 16.30
Ta kontakt snarast med  Ingun Vaksdal på Tlf  99482474 om du vil melde deg på, eller gjer det på medlemsmøtet vårt no i kveld!

søndag 4. november 2018

Velkommen til quiltemøte!!

Det er blitt november, og på tide med møte igjen! Jammen går tida fort, men så kjekt å få høve til å samlast igjen då!!

Tysdag 6.11 kl 18.30 møtest vi på Stokkenes gjestegard til ein triveleg og inspirerande kveld.

Vi har tidlegare annonsert at vi skal ha Katedralvindu denne gongen også, her vil det blir litt info om korleis bruke dette i quiltearbeid.

Men,....vi skal ikkje berre ta kaffipause resten av kvelden, for denne gongen har vi tenkt at vi skal inspirere KVARANDRE!! Dette møtet er siste "vanlege" møtet før jul, og vi er vel så smått i gang med å lage julegaver? Denne kvelden skal vi ha ein liten førjulsverkstad der vi lagar julekort!

Kvifor kjøpe julekort når vi kan lage dei sjølve? Det er ikkje så mykje som skal til før du har laga noko heilt unikt, ...av nesten ingenting!! Og til stor glede og beundring av mottakaren!

Eit kort på 10x15 cm kan du lage med litt fin farga kartong der du syr/limer på stoff, broderer noko på, fester på perler, band,....i restekassa og i roteskuffa har du heilt sikkert mange skattar!! Dette kan bli skikkeleg kjekt!!! Underteikna har jobba litt på syrommet i helga for å kunne inspirere litt, bildet viser noko som er påbegynt!!



Så oppmodinga til deg er:

  • Har du kanskje kort som er laga av stoff/quilta/brodert,...ta det med og vis oss!

  • Ta med deg litt kartong til sjølve kortet, eit farga A4 ark kan bli 4 enkle kort!
  • Stoff til underlag?? Eller du kan lime rett på kartongen!
  • Resteposen din med spennande stoffbiter. Dongeri?? Gullstoff?
  • Limstift eller annan brukandes lim (Roxanne?)
  • Sysaker?
  • Perler og band? Knappar? Fint hampesnøre?
  • Vlisofix om du skal ha stoff på stoff.
  • Symaskin,...eller du syr det nødvendige heime etterpå!
  • Noko meir??  Bruk fantasien og ta med!

Som vanleg vert det :
  • Lotteri
  • Fristande varer frå quiltebutikk.
  • Kaffipause
  • "Vis og fortel"

Velkommen til ein triveleg kveld i lag med oss!

søndag 28. oktober 2018

Bilder frå Juletrekurset!

Vi hadde eit flott kveldskurs denne veka, JULETRE-kurs v/Gitte!

Det vart etter kvart litt julestemning i rommet, for her var juletre, nisse, og julemusikk i bakgrunnen!





18 flittige kursdeltakarar jobba på, av og til vart det heilt stilt i rommet,......det er teikn på at HER JOBBAST DET!!!!  Og ja, vi kosa oss alle, bilda viser tre under arbeid og til slutt så vart også nokre ferdige!!









 Dette er ferdige modellar som Synnøve har laga.












 Fine stoff frå Primula design.















Til å montere "putene" på, så har Primula Design fått tak i dette stativet til å træ dei på. Det såg først ut til å være for lavt, men etter kvart så såg vi at dette var heilt perfekt. Kontakt butikken om du treng fleire!!

3-timarskurs ser ut å være midt i blinken for mange, så om medlemmane kjem med ynskjer om tema, så skal vi arrangere fleire slike kurs!!

fredag 26. oktober 2018

Invitasjon til kurs!!

Vi inviterer til eit kurs igjen! 

Denne gongen er vi så heldige å ha fått
  Mona Bauge til å holde kurset "Oldemorsruter"!

Desse teppa er sydd av Mona.



Kurset er 9.-11. november og er på Stokkenes Gjestegård på Nordfjordeid.

  • Fredag    9.11  kl 18.00-21.30
  • Laurdag 10.11 kl 10.00-16.30
  • Søndag 11.11  kl 10.00-15.30


Vi har enno nokre ledige plassar, så vi ber om at medlemmer i klubben vår som vil være med, må melde seg på innan 1. november. Etter denne datoen opnar vi opp for at andre interesserte kan melde seg på.

Påmelding til kursleiar Ingun Vaksdal på Tlf  99482474