søndag 4. november 2018

Velkommen til quiltemøte!!

Det er blitt november, og på tide med møte igjen! Jammen går tida fort, men så kjekt å få høve til å samlast igjen då!!

Tysdag 6.11 kl 18.30 møtest vi på Stokkenes gjestegard til ein triveleg og inspirerande kveld.

Vi har tidlegare annonsert at vi skal ha Katedralvindu denne gongen også, her vil det blir litt info om korleis bruke dette i quiltearbeid.

Men,....vi skal ikkje berre ta kaffipause resten av kvelden, for denne gongen har vi tenkt at vi skal inspirere KVARANDRE!! Dette møtet er siste "vanlege" møtet før jul, og vi er vel så smått i gang med å lage julegaver? Denne kvelden skal vi ha ein liten førjulsverkstad der vi lagar julekort!

Kvifor kjøpe julekort når vi kan lage dei sjølve? Det er ikkje så mykje som skal til før du har laga noko heilt unikt, ...av nesten ingenting!! Og til stor glede og beundring av mottakaren!

Eit kort på 10x15 cm kan du lage med litt fin farga kartong der du syr/limer på stoff, broderer noko på, fester på perler, band,....i restekassa og i roteskuffa har du heilt sikkert mange skattar!! Dette kan bli skikkeleg kjekt!!! Underteikna har jobba litt på syrommet i helga for å kunne inspirere litt, bildet viser noko som er påbegynt!!



Så oppmodinga til deg er:

  • Har du kanskje kort som er laga av stoff/quilta/brodert,...ta det med og vis oss!

  • Ta med deg litt kartong til sjølve kortet, eit farga A4 ark kan bli 4 enkle kort!
  • Stoff til underlag?? Eller du kan lime rett på kartongen!
  • Resteposen din med spennande stoffbiter. Dongeri?? Gullstoff?
  • Limstift eller annan brukandes lim (Roxanne?)
  • Sysaker?
  • Perler og band? Knappar? Fint hampesnøre?
  • Vlisofix om du skal ha stoff på stoff.
  • Symaskin,...eller du syr det nødvendige heime etterpå!
  • Noko meir??  Bruk fantasien og ta med!

Som vanleg vert det :
  • Lotteri
  • Fristande varer frå quiltebutikk.
  • Kaffipause
  • "Vis og fortel"

Velkommen til ein triveleg kveld i lag med oss!

1 kommentar:

Unknown sa...

Thank you for sharing with everyone. I know everything about you.
ทายนิสัย