søndag 11. november 2018

3 herlige kursdager er over!

Vi som gjekk på dette kurset "Oldemorsruter" med Mona Bauge, har no hatt 3 herlige dagar!

Ei langhelg med sying, prat, tips, god mat, senka skuldre og syglede, kva meir kan ein ivrig quilter ønske seg?? .....kanskje at helga berre varte og varte......

Vi har lært mykje om både planlegging, sykteknikk, fargevalg og montering. Nokre av oss kunne sikkert ha lest oss til dette i bøker og blad, men på slike kurs får vi tips som gjer at vi lukkast med produktet ganske fort, og rettleiing av kursleiar undervegs. Og ikkje minst, Mona gjekk rundt og rettleia kvar enkelt ut frå deira val, og ho var raus med å gje oss ros!!

Bilda får tale for seg sjølv og her er også bilder av Mona sine kursmodellar og nokre som ho har lånt med seg av venner som eksempel.







 Vi fekk gode tips om korleis velge quilteteknikk og planlegging av den.

 Vi fekk også sjå fine modeller  laga med "Log cabin-linjalen" som ho også har kursopplegg i. Det er ikkje umogleg at ho kjem tilbake med eit slikt kurs......










































Tusen takk til Mona for eit veldig kjekt og lærerikt kurs,
ho er proff både i å undervise, rettleie og inkludere alle!




God kursmat fekk vi levert av lokal kafe/restaurant Magnifique.
Kyllingsuppe og Cæsarsalat med godt brød.
Kursvertane Haldis og Elna hadde med nydelig Kvæfjordkake og Pavlova!
Klart vi kosa oss!!











Og i dag dukka Torunn opp med nydelige formiddagskaker,
Suksessterter i muffinsform!!

Og ho sende med oppskrift til dei som vil prøve:

SUKSESSKAKE/GULEKAKE

OPPRINNELEG OPPSKRIFT:
4 eggekviter vispast stive.  
Ha forsiktig i
200 g melis , blanda med
200 g malte mandlar, og
1 ts bakepulver.
Steikast i smurt form i 35 minutt ved 180’C.

Medan kaka står i omnen, lagast kremen:
4 eggeplommer
1 dl fløyte
125 g sukker
1 ts vaniljesukker
Kokast opp under omrøring og kokast til det tjuknar, 1-2 minutt. Avkjølast litt, 150 g meierismør i bitar blandast i, og rørast til smøret er smelta.

Når kremen er heilt kald, vispast den kraftig til den vert stiv, og smørast over kaka.

ALTERNATIV 1:
Alternativt, dersom du vil ha ei høgare og mjukare kake, vispast 
2 heile egg stive saman med dei 4 eggekvitene, og tilsettast 
300 g malte mandlar,  300 g melis og 
1 ts bakepulver.  
Steiketid nokonlunde det same.  Kan steikast i to former dersom ein skal fylle kaka og. Kortare steiketid.

ALTERNATIV 2:
Fordel deigen etter alternativ 2 i 30-35 muffinsformer, steiketid nokonkunde etter opprinneleg oppskrift.  Krem oppå.

ALTERNATIV 3:
Dersom ein vil ha glutenfri og laktosefri kake, bytter ein ut fløyta med laktosefri fløyte og meierismøret med margarin utan mjølk og salt, eller laktosefritt meierismør. Litt salt i kremen dersom smør/margarin utan salt. Vurder om du let vere å smørje forma.

Ingen kommentarer: