tirsdag 19. desember 2023

19. desember

 I dag kan du være kreativ med småtteri frå restekassa!


Lag deg ein mal til eit juletre og sy på ulike remser av stoff og dekorband. Innimellom kan du sy på perler, knappar og paljetter, eller du kan brodere fine border med ulike sting. 

Dette kan du bruke til ei gåve som du rammar inn, eller som eit julekort, størrelsen avgjer kva det blir!

Sett i gang!!

mandag 18. desember 2023

18. desember

 Bak luka i dag finn de tips til å sy ein enkel juleløper eller festremse.

Finn fram julestoffa du har og kutt opp remser og finn eit lyst stoff til sidefelt.

Midtfeltet har remser på 2,5 x 5 inch og sidefelta er 3 inch breie.

Mix julestoffa og sy sammen, og lag den så lang du treng. Lukkekant i eitt av julestoffa kuttar du på ca 1,5 inch.



Enkel og fin, ikkje sant???

Bilder er frå Pinterest.


Varier med bredde og fargar  på stripene om du vil, alt blir fint!!


Du rekk denne før jul!
Ha ei fin systund!!

søndag 17. desember 2023

17.desember

 I dag viser vi  ein liten stjernequilt som kan brukast til fleire ting. 

Som bildet viser så er denne laga som juletrepynt, men den kan like gjerne brukast som glasbrikke.  

Eit anna tips er å sy nokre til jul/ nyttårsselskapet og bruke dei til kombinert bordkort og glasbrikke, då skriv du namnet med tusj inne på midten.



Alle bilder er frå Pinterest, så forklaringa her er på ulike språk.

Du treng:
  • 1 stor femkant til bakside/ramme på framsida
  • 1 femkant av papp til å stryke inn kantane på "rammestoffet"
  • 1 liten femkant med motivstoff, størrelsen er den same som ferdig størrelse
  • 1 femkant med vatt, same størrelse som motivstoffet.
  • Har desverre ikkje mål på malane, men lag din eigen mal ved å starte med kor stor du ynskjer å ha den. Så prøver du deg fram med malen for ramma. Bruk papir til dette.

Alt er handsaum

  • Klipp ut den store femkanten
  • Stryk inn kantane ved hjelp av pappmalen
  • Legg motivstoff og vatt på den store femkanten og brett spissane inn på motivstoffet.
  • Fest med nåler/klips og fest sammen ved å bruke quiltesting rundt kantane, dette vert også som ei dekorativ stikning.
  • Det finst sikkert ein bedre forklart framgangsmåte enn dette, om det dukkar opp på nettet, eller nokon har tips og legg på kommentar på FB, så vert det lagt inn link her.




På sida til Northern Quilts ligg det oppskrift og framgangsmåte til ei sekskanta Adventstjerne, 


Wenche skriv dette om framgangsmåten:

Jeg fikk vite nå at Grete Gulliksen Moe har vist slike stjerner i en bok. Jeg har en bok av Hanne Asplin Firman, hun viser 5-kantede stjerner. Så ideen er ikke ny! Men akkurat størrelsen og fremgangsmåten her, det har jeg kommet fram til selv ;-) 

Lykke til!


lørdag 16. desember 2023

16. desember

 Dagens juletips er eit lite bilde der applikasjon er kombinert med stitchery.

Og akkurat i dag treng denne snømannen ein  paraply for å overleve, for regnet ausar ned her på Vestlandet! 


Bildet er frå Pinterest og det har ikkje noko mønster. 
Men forma er enkel, så denne klarer du nok å få til!


fredag 15. desember 2023

15. desember

 Dagens bilde og tips er av den klassiske "Julebilen". 



Den ser ut til å være laga av filt, pynta med knappar til hjul, paljett til frontlys og kvite perler på juletreet. Den er truleg fyllt med litt vatt.
Eit skikkelig pirkearbeid, men noko som du kan planlegge å kose deg med i romjula!

Denne er frå Pinterest, og med mønster!! 
Som du ser er mønsteret veldig lite, men kopier det inn i Word og blås opp til ein brukandes storleik!



Kose deg med denne!! 
Og legg gjerne bilder på FB sida vår om du lagar ein slik!!


torsdag 14. desember 2023

14. desember

 I dag kan du lage deg ei flott bretta stjerne. Du kan gjerne øve deg med papir, men denne er laga av stoff og det går heilt fint å brette ei slik stjerne.


Den er kalla Dansk eller skandinavisk stjerne, her finn du framgangsmåten på sida Weallsew:


Her er ei anna side med framgangsmåten:







Om du lagar mange nok, så kan du lage eit flott girlander til vindauget ditt!



onsdag 13. desember 2023

13. desember

 Vi fortset med sekskanter i dag!


Her er det laga pynt til juletreet, eller du kan bruke det til vindusdekorasjon.
Den er sydd for hand over tynn papp. 
Sjå tidlegare innlegg i årets adventskalender ( 2. og 5. des) om korleis du syr over papp.

Du har fleire val:

Lag den lik på begge sider eller ha eit heilt motivstoff på baksida.
Lage den heilt flat eller fylle den med litt vatt så den blir litt fyldig.


Du treng til sammen 4 sekskanter, ein i midten og 3 som du deler og brukar rundt.




Slik kan du tegne din egen modell om du har rutepapir. Eller ta fram att geometrien du lærte på skulen!

Her er ein video som viser korleis du konstruerer ein sekskant med passar, du vel storleiken sjølv!

Regulær sekskant, s = 4 cm (Passer) - YouTube

tirsdag 12. desember 2023

12. desember

 I dag er det på tide med ein snømann!


Denne bygger du av sekskantar,....eller du klarer deg berre med ein sekskant som bildet viser.


Du har sikkert ein mal du kan bruke, eller tegn av denne.

Syden rundt papp, eller vrangsy den. 
Lurt å stive opp med vliselin, elelr litt stivt tynt vatt om du vrangsyr.




mandag 11. desember 2023

11. desember

 Dagens inspirasjon er småfuglar,...slike som vi har på fuglebrettet i desse dagar. Dompap, kjøtmeis, blåmeis, gråspurv......


Tipset er litt på sida av stoff og quilting, men tipper at dette er også noko vi alle har prøvd ein gong, men kanskje gløymt?




Her er ein finsk link du også kan sjå framgangsmåten på: Pulleat punatulkut | Marli Glögi

søndag 10. desember 2023

10. desember

 Litt sying over papp i dag også, om du har prøvd deg på dei andre modellane, så klarer du også denne!

Eit flott hjerte sett sammen av bitar  som er ca 1/4 sirkel! 


Hjerter funne på Pinterest, uten namn på den som har laga dei.



Om du vil prøve deg på slike kan du prøve dette:


Lag din eigen storleik ved å lage modell i papir, bruk ein sirkel som du deler i to. 

Då har du pappmal til 1/4 fordi du kler denne med stoff og bretter sammen på midten og syr sammen buen og den eine sida.


Lykke til!