onsdag 28. desember 2016

Romjulsinfo!

No i romjula har Torunn sendt ut info til alle medlemmer med registrert epostadresse. No viser det seg at det er fleire som ikkje har fått eposten sjølv om vi har oppdatert adresse.

Ber difor om at dei som ikkje har fått epost kontaktar Torunn på epost torunn@solihav.no eller på mobil 95924701.
(obs....dette er ikkje Torunn!!, men ho lurer på om du har fått epost!!)

Elles så er no vårprogrammet komt på plass på høgresida på bloggen her. Sjå kor mykje kjekt vi skal gjere og merk deg når du skal vere matvert. Om det viser seg at dagen du skal vere matvert, byter du med nokon ein annan dag, lurt å vere tidleg ute no!!

mandag 26. desember 2016

Syveir på Vestlandet!!

Det er skikkelig ruskete på Vestlandet no i ettermiddag, og den hissige dama "Urd" dundrar innover området her vi bur.

Med andre ord er det SYVEIR!!..........vel å merke om du har lys så du ser å sy då!!

Uansett, med eller utan straum,.....med ei god hodelykt kan du likevel få gjort litt. Difor kjem det her eit mønster til ein liten pung som det kan være kjekt å pusle litt med. Eit koselig vintermotiv er applikert på og pynta med stitchery.

Dette er eit gratismønster frå Lynette Anderson og du kan laste det ned HER. Det er god forklaring på sida og mange bilder som viser framgangsmåten.

Vi har medlemmar frå meir enn 10 kommuner i området rundt Nordfjord, mange av dei bur ute ved kysten og det er dei som får merke aller mest av den sterke vinden frå havet i dag, sterk storm med orkan eller meir i kasta!

Medlem Torunn bur i Vedvik i Vågsøy, med kort avstand til Stadt og Kråkenes fyr, her har ho sendt bilde av den elles så idylliske badestranda ho har rett nedanfor huset sitt! Her treng ein ikkje tv, for her er det full action rett utanfor glaset!!

Så sett deg i godstolen og ha fokus på eit kjekt prosjekt, då høyrer du ikkje uveret ute!

Takk for bildet Torunn, og til alle: Kos dåkke inn i nyåret med dette sytipset!!

lørdag 24. desember 2016

24. desember!

Dagen er komen og siste tre i adventskalendaren står klart.


Eit bilde frå Pinterest der eit enkelt stitchery brodert i "juletrefasong" formidlar eit nydeleg bodskap for denne dagen:

"Let us keep christmas the old fashion way with love in our hearts on this glorious day!

Fritt oversett til norsk vert det om lag slik:

"Lat oss beholde jula på den gammaldagse måten med kjærleik i hjerta våre på denne vakre dagen!"

Stitcheryet er nydelig  brodert, og vil du lage dette, så klarer du fint å kopiere bildet, kanskje kan du allereie no ta til på neste års julegåver??

Til slutt vil vi ynskje alle medlemmer og andre som besøkjer sida vår, ei 
GLEDELIG  JUL!

Om du treng litt julemusikk til arbeidet, så er det video frå Youtube her med over 50 julesongar!! Trykk på "samleliste" inne på videoen om du vil gå til Youtube og høyre alle!



fredag 23. desember 2016

23. desember!

Så går vi rundt om en enebærbusk, enebærbusk, enebærbusk, så går vi rundt om en enebærbusk, tidlig en fredagsmorgen!!

Så gjør  vi så når vi pynter vårt tre, ...........


Lisjejulafta er koma, så i dag  er er det tid for å pynte juletreet! I songen øverst her går det rundt og rundt, det same gjer pynten på dagens tre òg.

Her er det brukt jo-joar med perler i midten på det eine treet og  sirklar i ulike størrelsar til å danne juletreforma. Bilda er frå Pinterest og er uten mønster, men her er det berre å lage sirklar og bygge opp ditt eige juletre!


Nyt dagen og gje deg sjølv ei lita stund på syrommet!

torsdag 22. desember 2016

22. desember!

 Dagens juletre  er mest truleg sydde på papir. Bilda er funne på Pinterest og det er ikkje mønster til dei.


Har funne eit mønster til papirsaum som kan brukast til teknikken. Det er eit litt lavare tre, men om du studerer korleis malen er bygd opp, så kan du lett gjere treet høgare ved å plusse på 1 eller 2 par greiner nederst.

Kopier bildet inn i Word og lag deg ein storleik som passar!




.......og vil du ikkje sy på papir, så kan du sy eit som liknar ved å applikere!! Det er ikkje mønster til dette treet, men som du ser så gjer det ikkje noko om det blir litt skeivt, kanskje det berre blir meir sjarmerande!


Lykke til med juletresyinga!

onsdag 21. desember 2016

21. desember!

Vi er snart i mål med førjulstida, så då må vi gjere oss klare til å KVILE!! Difor er dagens juletre dekor på ei god pute som du kan sy til deg sjølv! Tenk å legge seg ned på den i romjula og nyte at no har du sydd og gitt bort mange fine heimelaga julegåver!!!


I dag er det full pakke! Det er gratis mønster  HER og tydelig beskrive framgangsmåte på sida til amerikanske Sherri som har sida A quilting life.


Mønsteret er på engelsk, men er så tydelig å sjå på diagramma og måla som er oppgitt, at dette klarer du fint!



Lykke til med dagens sying!

tirsdag 20. desember 2016

20. desember!

Slapp av, du har enno rikelig med tid til å lage mange fine julegåver! Du kan produsere i lange baner og setje sammen til mange ulike fine produkt!

Både dette bildet og dei andre i innlegget, er funne på Pinterest.

Her er eitt forslag, ...små "lappar" som kan bli både gryteklutar og Mugrug! Desse ser ut til å være sydde av samansette stoffremser.

Om du vil prøve andre måtar, så er det under her samla ulike mønster for papirsaum. Desse bilda kopierer du inn i Word og forstørrar opp til passande storleik. Det går fint å sy på vanleg kopipapir, det er 80 g. tjukkelse, men har du 70 g. så er det litt tynnare og bedre å sy på. Du kan også tegne motiv over på vliselin uten lim på, då treng du ikkje å fjerne den når du er ferdig å sy og du får eit stabilt underlag.





Fleire forslag til bruk av liknande blokker:







mandag 19. desember 2016

19. desember!

Eit fargerikt og litt annleis juletre i dag! Men slike friske fargar  treng vi no når dagane har få timar med dagslys, då får vi kanskje litt meir futt til å jobbe på no i førjulsstriden!!

Bildet er frå Pinterest og ser ut til å være eit kort. Ideen kan nok brukast på mange quiltar, og trea her er så lite "julete" at dei kan også være heilårspynt på noko!

God symandag!

søndag 18. desember 2016

18. desember!

4. søndag i advent og siste søndagen før jul! Som vanleg er det mange ting å huske på no når jula nærmar seg altfor fort, og har du ikkje skaffa deg juletre no, så begynner det  å haste!!

(Bildet er frå Pinterest)

Dagens tre er virkelig eit tre med sjel! Sjå på alle hjerta, ha dette i tankane når du skal finne det aller vakraste treet!!

Det er ikkje mønster til dette, men hjerter er enkelt å klippe ut, og då treng du kun å plassere dei sammen slik at forma dannar eit tre!

Denne modellen kan du bruke til mange ting, alt frå julekort, mugrug og kuvertbrikker, til bilder og pynt på løparar. Du bestemmer,.....og lykke til!!

lørdag 17. desember 2016

17. desember!

(Bildet er frå Pinterest)

Den beste måten å roe ned på før jul, er å setje seg ned med noko koseleg handarbeid! Eit lite stitchery er dagens forslag, og har du ikkje det som trengs til det, så er butikkar opne lenge denne helga slik at du får tak i det meste!!

Det er ikkje mønster til dette, men kopier bildet, lim inn i Word og skriv ut i passande storleik, så har du mønster!!

God sylaurdag!