mandag 26. desember 2016

Syveir på Vestlandet!!

Det er skikkelig ruskete på Vestlandet no i ettermiddag, og den hissige dama "Urd" dundrar innover området her vi bur.

Med andre ord er det SYVEIR!!..........vel å merke om du har lys så du ser å sy då!!

Uansett, med eller utan straum,.....med ei god hodelykt kan du likevel få gjort litt. Difor kjem det her eit mønster til ein liten pung som det kan være kjekt å pusle litt med. Eit koselig vintermotiv er applikert på og pynta med stitchery.

Dette er eit gratismønster frå Lynette Anderson og du kan laste det ned HER. Det er god forklaring på sida og mange bilder som viser framgangsmåten.

Vi har medlemmar frå meir enn 10 kommuner i området rundt Nordfjord, mange av dei bur ute ved kysten og det er dei som får merke aller mest av den sterke vinden frå havet i dag, sterk storm med orkan eller meir i kasta!

Medlem Torunn bur i Vedvik i Vågsøy, med kort avstand til Stadt og Kråkenes fyr, her har ho sendt bilde av den elles så idylliske badestranda ho har rett nedanfor huset sitt! Her treng ein ikkje tv, for her er det full action rett utanfor glaset!!

Så sett deg i godstolen og ha fokus på eit kjekt prosjekt, då høyrer du ikkje uveret ute!

Takk for bildet Torunn, og til alle: Kos dåkke inn i nyåret med dette sytipset!!

Ingen kommentarer: