lørdag 3. desember 2016

3. desember!

Eit enkelt og stilisert tre i dag!

Til dette treet/teppet ligg det ute gratis mønster på sida til Diary of a quilter.


 Du treng ikkje å lage eit heilt teppe, blokka kan du bruke til td. julemerkelapp, julekort eller pynt i juletreet!

Om du har lyst å prøve papirsaum, så ligg det ei flott forklaring på denne videoen på YouTube:


Her er eit mønster du kan bruke til papirsaum, eller du kan tegne eit sjølv!

Kopier bildet inn i Word og "dra i hjørna" til du får den storleiken du vil ha og skriv ut!

Bildet er frå ei side på New Zealand, "On the windy side",  her finn du mønster til denne løparen under her.

På den danske Facbooksida  "Patchwork for alle" har Lene Hinz lagt ut dette bildet, ho har kalla den dobbel dekkeserviett.

Lykke til med juletreproduksjonen!!

Ingen kommentarer: