onsdag 14. desember 2016

14. desember!

Treet i dag er frå sida til den nederlandske Bergkaarten, ein blogg for scrapbooking der det er vist veldig mange flotte kort.


Her er eit flott kort der det er brukt blank tråd. Du kan som her sy på tynn kartong og lage eit julekort, men det er kanskje bedre for oss som er  "hekta på stoff", å brodere på stoff der vi brukar ramme.  

Dette motivet er like fint som eit brodert bilde, sett i ramme,.....så har du ei nydelig gåve til nokon!!

Mønsteret er lett å overføre til stoff, kopier bildet og lim inn i Word og lag deg den storleiken som du ynskjer.

Ta deg ei kosestund med nål og tråd, sett deg i godstolen og skru på litt julemusikk!






Ingen kommentarer: