fredag 9. desember 2016

9. desember!

Eit veldig enkelt og minimalistisk juletre denne dagen! Superrask stitchery??

(bilde funne på Pinterest)

Det er tid for å sende julekort, så dagens tips er eit handsydd julekort på litt kraftig papir/tynn kartong.

Dette er på grensa til det vi kan kalle stitchery,.... 14 sting med grøn trå lagar juletreet, 11 småstjerner og ei stor, vips så er det klart til sending!!

Du kan sjølvsagt sy dette på stoff også, men om du brukar tynn kartong til kortet, så er dette noko som også barn kan ha glede av å lage. Tegn gjerne eit endå enklare tre enn dette, og du kan pynte med glitter, paljettar eller knappar.

Sett i gang, her rekk du å lage mange på ein dag!!

Ingen kommentarer: