torsdag 1. desember 2016

1.desember!

Det er 1. desember og adventstida er begynt! Nokre av oss lagar kanskje ein del av julegåvene, nokre er kanskje ferdige med store quiltar medan andre berre så vidt rekk ein liten ting!!

I år som i fjor vil vi her prøve å lage ein liten inspirasjonskalender rundt eit juletema. Denne gongen vart temaet JULETRE!

Og juletre kan være så mangt i både fasong og fargar, storleik og teknikk.......
Bilda som kjem til å ligge på bloggen her, er tilfeldige som er funne på ulike sider og på Pinterest.

  • Nokre vil inspirere deg til å lage din eigen variant. 
  • Nokre dukkar opp med mønster.
  • Nokre er sydde med maskin.
  • Nokre er handsaum.
  • Nokre er broderte.
  • Nokre kan bli bilder.
  • Nokre kan bli julekort.
  • ...og nokre er berre til å sjå og nyte!!

Så herved er adventskalenderen opna og julegrana er tend!!

Dette vesle juletreet er funne på den danske sida Kludekoner

Det er ikkje mønster til dette, men vil ikkje være vanskeleg å kopiere. Det er handsydd rundt 6-kantar av papp, 3/4 inch og det er dobbelt slik at det også kan henge i eit vindauge.


På sida finn ein også ein annan fargevariant:


Lykke til med syinga om du no vart inspirert!!........og legg gjerne bilde på Facebooksida vår om du brukar ideen her!

Ingen kommentarer: