søndag 11. desember 2016

11. desember!

I dag vert det ein liten juletreskog her! Kanskje dette er dagen då du skal av garde for å sjå etter eit ekte juletre?? I eigen skog eller på ein "marknad" ein plass,.....uansett er det alltid like viktig å skaffe det rette treet!

(bildet er frå sida til Terry Aske)

Om det er ekte tre eller stoff til tre,.....ja så er vi vel akkurat like kresne på kva for eit stoff vi skal ta?? Dei skal ikkje konkurrere med kvarandre men heller framheve kvarandre! Og likevel skal kvart enkelt tre være vakkert i seg sjølv...., slike vanskelege valg kan ofte ta like lang tid som sjølve syinga! 


Dagens "Skog" er sydd av Terry Aske frå Vancouver i Canada. HER kjem du til sida hennar, og her er det vel verdt å ta eit lengre besøk! Ho er ein anerkjend tekstilkunstnar med stor produksjon og ho er velkjend innan "Fiber Art", vore med på mange utstillingar og med i magasin. Sjå godt på alle flotte arbeida i Galleriet.




Henta frå sida om kunstnaren:

"My quilts have been published in well known magazines, and juried into many national and international exhibits and shows. I’m pleased to say that I have won awards in both the artistic and modern categories.

My style is contemporary, and I create both art quilts and abstract/modern quilts. I use a variety of techniques – machine-piecing, fusible appliqué, thread-sketching and free-motion-quilting are among those I employ most frequently."

Det er ikkje mønster til dagens tre, det er eit lite veggbilde som ho har sydd og selt på Etsy. Men forma er enkel og komposisjonen er lett å få til. Du kan gjere som ho og lage eit veggbilde eller bruke det som dekor i kvar ende av ein løpar,......sett i gong, dagen er din!!
(Bildet er funne på Pinterest)

God søndag!

Ingen kommentarer: