fredag 30. desember 2016

Flott kurs med Brita Rundgren!

I november hadde vi Brita Rundgren som kursleiar til kursa "Rund husduk" den første dagen og "Meshwork"den andre dagen. 

Å få lære to ulike teknikkar under same kurshelga gjer at vi får både i "pose og sekk". Her kunne dei som ville fortsetje med husduken, medan vi andre fekk prøve oss på Meshwork.













 Det vart mange flotte og svært ulike "småbyar" med hus, både firkanta og runde, alle spesielle på kvar sin måte! Vi tok utgangspunkt i mønsteret av Persimon Dreams, Dresden neighbourhood, kjøpt på Craftsy. Brita hadde med sin modell og gav oss mange gode tips underveis.


Søndagen brukte vi til Meshwork, og her hadde Brita med seg utruleg mange flotte modellar. Her var det alt frå øyrepynt og små brosjer til stoffboksar, vesker, bokomslag og løparar. Bilda under her viser mange av tinga hennar.


 Fine prøvelappar i mengder!
 Under er her det sving på mønsteret, dette får ein til når ein brukar krokalisser som innslag!














 Brita hadde med seg ei lita "Reodor Felgen-oppfinning", ei lita innretning som fungerer perfekt når ein skal stryke dei smale vlisofixbanda på stoffet,...då rullar bandet fram etter kvart som du stryk!!





 Anne Marit D. si veske frå eit kurs med Siv på Lappestua-Eid for nokre år sidan!

 Tips! Ei mengd med ferdige plastmalar i ulike størrelsar til å tegne rundt! Her kunne vi finne den rette storleiken til midten av husduken!
 Vi fekk tips om ein enkel måte å lage "tittekant" på lukkekanten,..i ein operasjon!













Tusen takk til Brita for eit flott kurs, denne helga lærte vi veldig mykje!!

Ingen kommentarer: