torsdag 15. desember 2016

15. desember!

Det er kjekt å sjå at det er så mange som er innom bloggen/Facebooksida vår, fleire hundre pr. dag!

Det er også veldig kjekt når medlem Eli engasjerer seg og tipsar om fleire juletre ute i den store "quilteverda"!! Tusen takk!



Dagens tre er ein miniquilt som kjem frå sida "Kathys quilts", ho har sydd 3 små "bilder" etter mønster frå "Kevin the quilter", ein mann frå Missouri i USA som har quilting som hobby. Sjå dei ulike måtane Kathy har quilta på, alle fine på kvar sin måte! Størrelsen er ca 10 x 10 inch.

Dette er trea til Kevin, han har brukt mange ulike stoff til bakgrunn og meir variasjon i fargane på treet!





Gå gjerne inn på sida til Kevin og legg att kommentar om du syr dette treet, nederst på innlegget ligg denne helsinga  til quiltarar:

These will be great little gifts for 
some of my quilting friends.
I hope you make some for your friends too!
ENJOY!!!!!!
Merry Christmas!
Let me know if you make some!

Ingen kommentarer: