lørdag 4. desember 2010

Julemøte!

(bildet er frå internett et sted, ukjent opphav)

Då er vi snart halvveis i quiltesesongen vår, og julemøtet er rett rundt hjørnet. Vi ynskjer medlemmane våre velkomne til det tradisjonelle og koselege julemøtet 7.des kl 18.30, der det blir både god mat og litt å henge fingrane i.

Meir seier vi ikkje, men ta for sikkerhets skuld med litt nødutstyr som vi quiltarar alltid har i veska:
  • saks
  • tusj eller kulepenn
  • knappenåler
  • og kanskje briller????

Info frå Torunn:
Komande møte er det siste med hjerte som tema, og nærare bestemt med forsvinningsplast som ”verktøy”.

Vi inviterer og alle som har laga noko med forsvinningsplast til å ta det med på møtet til inspirasjon for oss andre! (I tillegg til Vis og fortell)

Eg har laga ein prøvelapp frå AnnaKa sin Romantiske løpar i Quiltemagasinet, men det tok litt av, og no har utfordringa vorte kva den kan brukast til? Einaste forslag hittil er glassbrikke, til stettglas, må vite! Bør plasserast litt skeivt….

Du får òg tips til litt julepynt som du garantert vert ferdig med til julafta….

Ingen kommentarer: