torsdag 9. desember 2010

MUG RUG, ein ny trend!

MUG RUG!
Kva i all verden er det? I quilteverda har det nok si eiga betydning, bilder finn vi på mange bloggar, og vi ser det er ei lita "kuvertbrikke".
(bilda av desse to er lånt her)

Men dette namnet,..... måtte difor inn på ei engelsk-norsk oversetterside for å få eit logisk svar på kva det betyr. Her ser de definisjonen på desse orda:

mug: krus,mugge; fjes, ansikt; tulling, fe; slite med, pugge; repetere,slå ned, rane;

rug: grovt ullent teppe; dekken; reiseteppe, kaminteppe, rye, sengeforlegger; parykk, tupé;

Som de ser er det nok dekning for å sy litt av kvart her,..... kan kanskje bli mykje spennande med tida her!

Men det som er trenden for oss quiltarar, er ei lita brikke til kaffikoppen/tekoppen, med litt plass på eine sida til noko godt til. Og no når det nærmar seg jul og vi skal smake på småkakene våre, eller også servere til gjester, så er dette kanskje noko lurt vi bør ha i heimen??

Hos bloggeren Mye quilting og litt annet finn de fine bilder av Mug rugs ho har laga.(Bildet er lånt frå Myequiltingoglittannet)
Også hos Karens quilting er det fine bilder å sjå.

(bildet er lånt frå Karens quilting)

Red. tek gjerne imot tips til sider der det er fine bilder/mønster til Mug Rugs. Håper då at de kan legge tipsa inn på kommentarfeltet, kjem det mange tips så lagar eg gjerne eit nytt innlegg med mange bilder. Tek også imot bilder av medlemmane sine NYLAGA Mug Rugs dersom de blir inspirerte etter dette innlegget!!

Oppdatering: HER og HER er mange bilder til inspirasjon!

Oppdatering 11.12: HER er ein blogger som også har sydd nokre MUG RUG!

1 kommentar:

karenfae sa...

glad to see you like my mug rug :) merry christmas!
Karen
http://karensquilting.com/blog/