
Viss ikkje så er det tid for årets første lovlege kvilestund i lag med likesinna!! Allereie no tysdag 4.1. så er det quiltemøte, denne gongen er det Quiltekafe med mat, prat, kos og Vis og fortell.
Temaet denne gongen er bakehandkle/pyntehandkle, så om nokon har flotte eksemplar heime, så set vi pris på å få sjå dei.
Du vil òg få eit par mønster, så om du ikkje har eit syarbeid liggande klart til møtet, så kan du ta med:
- Kvit lerret til å sy på (men heilt ok med andre fargar òg!)
- Moulinegarn eller likn.
- Penn /tusj til å tegne på mønster
- Broderiramme
Då ynskjer styret alle velkomne til årets første treff på Stokkenes gjestegard.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar