mandag 5. september 2011

Oppstart på haustens klubbmøter!!


Det er vel på tide å møtast att?? Sjølv om dei fleste av oss har jobba hardt i lag denne helga, så er det no eit vanleg klubbmøte i morgon.

  • Alle er vel spente på å oppsummere Låvemessa, det vert nok det store temaet i morgon!!
  • I tillegg legg vi opp til ein aktivitet som vanleg. Les meir under bildet.
Dette bildet er lånt frå "All momas quilt",
Maria i Århus i Danmark driv denne bloggen.

Bildet over indikerer aktiviteten i morgon. Dei som var på junimøtet, fekk ei innføring i måtar å sy sekskantar saman på. Treng du ein liten repetisjon, sjå på bloggen til Maria. Linken går rett til eit innlegg med steg for steg korleis ho syr sine sekskantar.

Styret har ein liten baktanke med å lære dykk dette :)!! For om du lagar deg til ein pose med lappar og maler, så har du alltid eit lite handarbeid å ta til i veska. Enten du er på tur eller på klubbmøte, ta med deg desse små bitane og sy på dei om du ikkje vil ta del i opplegg på klubbmøta. Husk at alt det du gjer, det kan inspirere nokon andre nær deg!!

Vi har valt å prøve oss på eit gjennomgåande tema denne hausten: Blomster!
Og vi har planlagt at vi skal prøve oss med ulike former og teknikkar å sy blomster på. Handsaum og på maskin!

På klubbmøtet no i september startar vi difor der vi slapp sist: Sekskantblomster!

Om du vil prøve deg på kveldens opplegg, ta med deg:
  • Stoffbitar til 2 blomster, du treng to fargar til 2 lag kronblad og noko som skal vere midten. (ferdig blomst er ca 10 cm)
  • Tynn papp til maler
  • Kraftig strykevliselin om du har det.
  • Litt fyllvatt
  • Papirsaks, blyant, nål og tråd som passar til stoffet ditt.
Då ynskjer vi alle velkomne til ein pratsom kveld på Stokkenes!

Ingen kommentarer: