onsdag 12. oktober 2011

Hos Didriks!!

Då er vi invitert!! Invitert til å være "fluge på veggen" på den koselige kafeen Didriks på Nordfjordeid.


Vi har no vore i kontakt med kafeeigar, og frå 1.veka i november kan medlemmane stille ut quilter for salg på veggane i kafeen. Dette vart også omtalt på siste klubbmøte. Alle kan delta med sine arbeid som dei vil selje. Av naturlege årsaker, så bør dette vere ting som egnar seg til å henge på veggen, ikkje for lite og ikkje for stort! Husk namnelapp og pris!

Sidan det også nærmar seg jul og kjøp av julegåver, så kan vi ha dette i tankane når vi skal lage til salsutstillinga.


Vi kjem til å henge opp "salsvarene" samla, og då ynskjer vi at de tek med det som de vil selje, på klubbmøtet i november. Har de meir spørsmål til dette, kontaktar de leiar i klubben, Anne marie Holsvik, tlf 578 73777, mob.95137013.

Ingen kommentarer: