torsdag 6. oktober 2011

Sylaurdag

På siste klubbmøte fekk dei frammøtte vite at det vert sylaurdag 5.november på Stokkenes Gjestegard.
Dørene opnar kl 9 og så held vi på til ut på ettermiddagen ein gong, når det blir avtaler vi der og då.

Vi skal då gjere ferdig alle "Tepper som varmer", dei som har ferdig topp skal vi quilte på quiltestativet som Primula Design let oss låne. Dette er også ei god anledning til å lære å bruke dette, då kan du seinare leige dette til eige bruk. Dei teppa som er quilta ferdig, skal få lukkekant, så her blir det allsidig arbeid som alle kan delta i. Vi håpar at mange kjem på sylaurdagen, heile eller deler av dagen er like bra, det viktigaste er at vi vert mange på ein slik dugnad.

Arbeidet vil då bestå av:
  • Evt. ferdigsying av toppar
  • Klipping/tilskjæring av vatt og bakstykke
  • Quilting på quiltestativet eller på eiga symaskin
  • Kutting og påsetjing av lukkekant enten med maskin eller for hand.
Vi lagar til kaffi/te og så tek den enkelte med seg niste, evt noko ein også vil dele med andre. Det bestemmer du! ....og så har du vel Hexagonarbeidet ditt på lur til ledige stunder??

Ingen kommentarer: