søndag 5. februar 2012

Snøballar på februarmøtet

Februar er i gang, og i siste vintermånaden er det på tide å tenkje litt på våren som snart kjem. Kva passar vel betre då enn å gjere ein SNØBALL om til ein BLOMST???
Dette er temaet på februarmøtet tysdag 7.2, og som de ser, så vil de få lære ny teknikk innan temaet BLOMST som vi fortset med fram til sommaren.

Ingun vil vise oss korleis vi enkelt kan sy denne blokka. Den som vil kan ta med symaskin, men det går også fint å sy litt for hand. Og vil du ikkje sy på møtet men heller ta det heime, så er her eit tips:
  • Ta med stoff du vil bruke
  • Ta med skjæreutstyr og kutt opp alt på møtet
  • Ta med eit flanellslaken til å legge bitane systematisk på plass. Dette brettar du sammen med bitane inni, og då ligg alt på same plass når du kjem heim òg.
Om du ynskjer å kutte opp litt heime før du kjem på møtet, så kjem Ingun til å bruke ma. ein storleik på kvadrata som er 3 inch. Det er same str som er brukt på dei fargerike blomstrane.
Men du treng ikkje å lage blomster av blokka, for blokka er fin i seg sjølv. Her er 4 små blokker sett saman til ein stor snøball! Alle fargar brukast, og som de ser, så passar det kanskje best med ensfarga eller småmønstra stoff. Men kanskje det vert like fint med stormønstra?? Den som prøver får sjå!

Sjå òg større bilder på innlegget frå klubbmøtet i januar i år.Det finn du HER.

Ingen kommentarer: