lørdag 29. desember 2012

Linjalkurs

I november arrangerte vi Linjalkurs der Ingun Vaksdal var kursleiar. Eit flott kurs der Primula Design, Inguns butikk, stilte med linjalar vi kunne prøve ut. Mange hadde kjøpt av desse linjalane før, og mange kjøpte under kurset. Det viste seg at alle linjalane var heilt utruleg gode i bruk, berre vi fekk forklaring til korleis dei skulle brukast. Og resultata vart utruleg nøyaktige. Konklusjon: desse linjalane angrar du ikkje på om du kjøper deg ein!!

 Her har Elna brukt den store Twister-linjalen til eit teppe. Ein kuttar bort mykje stoff, men restane kan ein bruke den vesle Twister-linjalen på, og Elna laga til løpar og kuvertbrikker.





 Bilda over er resultatet av 60 gr linjalen som er avbilda under her. Ann Margret hadde samla på mange glade fargar, og fekk eit fantastisk  flott teppe. Ho sydde stripesett av 2 stoff og kutta deretter med linjalen.

 Bildet over og dei 4 under er av "Storm at sea"- linjalen. Dette er også ein veldig god linjal, og er nøyaktig i bruk.









Her er det sydd stjernebrikker med 60 gr linjalen.


 Bildet over er av ei blokk sydd med linjalen under. Den ferdige løparen vart veldig fin, Anne Marit har sydd den.

Fleire bilder frå kurset finn du på bloggen til Tiril Sol

Ingen kommentarer: