Spørsmålet gjeld størrelsen, og det er då ynskjeleg at du syr den største størrelsen. På alle mønstera er det oppgitt 3 størrelsar, sjå bildet under.
Det står 3 mål under kvar del, skilt med ein loddrett strek. Det fremste målet er målet til den største blokka, det er denne du skal bruke!
NB! Dette er berre eksempelbilder, du vel sjølvsagt den blokka du vil!!!! Blokkene blir ca 12,5 inch iflg. dei som har sydd allereie.
Om du har lyst til å sy to blokker, til neste møte, så gjentek eg oppfordringa:
- Sy ei blokk i fargar du likar, bakgrunn vel du sjølv.
- Sy ei blokk i berre svart/kvitt fargar, lys eller mørk bakgrunn vel du sjølv.
No håpar vi at det er mange som har med seg blokker, for det er då det er kjekt å sjå desse i lag......for "mange lapper små"..... jå då er det plutselig eit stort teppe! Dette gjorde vi på eit kurs med Nancy Eriksen, "Resteteppe".
1 kommentar:
Ja eg syr stjerne:-) Har sydd 2 stk.
Dei vart litt ulike i størrelsen, 12 og 1/4 inch vart mine.Du ser dei på bloggen.
Legg inn en kommentar