fredag 5. september 2014

Klart for Låvemesse denne helga!!

Det er no berre timar att til Låvemessa opnar, og vi ynskjer både "gamle" og nye kundar velkomne til "Monsgarden" i Leivdalen.

Låvemessa er open mellom kl. 12 og 18 laurdag og søndag. Her får de møte både godt handverk og kultur på ein plass! Vi har 23 salsboder  i låven og ute på tunet og i kafèen vår serverer vi tradisjonsmat som  nysteikte sveler og natronkaker.

På låven har vi utstilling av store tepper, sal av ei stor megd quiltearbeid og eit flott lotteri med over 30 gevinstar. Vi har igjen ein flott hovudgevinst: Dukke i ei flott vogge og med stor garderobe!

Søndag vert ein skikkeleg kjekk familiedag, for då er det Open Gard i regi av Eid Bondelag.

Eit lite tips! Når de kjem til garden, vil de sjå ein dekorert MELKERAMPE! Her har vi GRATISLOTTERI om de skriv dykk i boka som ligg der.

Velkomne til Låvemesse!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for ei flott messe!
Mykje pent og godt, - og veldig fint merka fra hovevegen.

Anonym sa...

Takk for ei flott messe!
Mykje pent og godt, - og veldig fint merka fra hovedvegen.