søndag 14. juni 2015

Artikkel nr 2 i Norsk Quilteblad!

I siste utgåve av Norsk Quilteblad finn du to artiklar om klubben. Den andre som du finn under her, handlar om kva Vestlandstreff er og blir arrangert. Historikken som er skriven, kom ikkje av seg sjølv. Litt tilfeldig vart det ein liten diskusjon og informasjonsdeling på Facebook, og det vart kontakt med dei som vart med i starten. Håpar at infoen vart rett formidla i artikkelen, og stor takk til damene som i starten laga det så kjekt til at alt berre utvikla seg til det som det er no. Vi håpar at vårt treff til hausten skal føre den gode tradisjonen med kurs og inspirasjon vidare.


Her er artikkelen:


Vestlandstreff 2015!

16.-18 oktober arrangerer Nordfjord Lappe- og Quilteklubb Vestlandstreff på Nordfjordeid. For quiltarar på Vestlandet har dette i mange år vore årets høgdepunkt i quiltemiljøet. Ja så mange år har det blitt at ein i år har 20 års-jubileum!

Historikk
Opphavet til Vestlandstreffet starta i det små på Skogbu på Bømlo i 1995. Initiativtakarane var Solveig Ottesen Blåsternes og Ingunn Espeland.  Dei hadde 4 kurs der. Då hadde dei inga aning om at dette skulle vekse seg så stort som dette arrangementet er i dag. Dei som var der, var enige om at dei måtte gjenta suksessen. Så året etter blei det arrangert på Lakseslottet i Suldal. Deretter vart det i 1997 i Bergen, på Stord i 1998. Med andre ord så sirkla det årlege arrangementet litt rundt i Hordaland før det byrja med arrangement i dei 4 Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
I 2000 kom arrangementet til oss på Nordfjordeid, neste gong her var i 2006, for så å bli arrangert for tredje gong hos oss i oktober i år.

Om treffet
Måten treffet har blitt arrangert på, har etter kvart gått inn i eit fast mønster. Her skal det være både arbeid, opplevingar og inspirasjon å hente, og det er vel akkurat det vi ynskjer å møtast for.
·      Det er som regel rundt 10 kurs  som går samtidig på eit lite område; td i ein skule, eit hotell og liknande. Nokre kurs varer begge dagane, medan det kan være fleire kortkurs; frå 3 timar til dagskurs.
·      Arrangøren har stor utstilling av eigne quiltar i lokala rundt kursa.
·      Det er gjerne fleire quiltebutikkar til stades med sal av mange ”godsaker”.
·      Demonstrasjon av symaskiner og anna utstyr er eit anna innslag.
·      Foredrag med tema knytt til quilting.
·      Festmiddag laurdag kveld med program av ulik art.

Her er som oftast alt samla på ein plass på dagtid, kurs og matservering går føre seg der, og det blir som å være i ei eiga quilteverd desse timane ein er der.

For kven?
Vestlandstreffet er ope for alle! Tidlegare var det vanskeleg å ha oversikt over kven som dreiv med quilting, då vart invitasjonane sende til quiltelag som igjen informerte sine medlemmer. Dei som sydde ”for seg sjølv” nådde vi ikkje fram til utan at vi tilfeldigvis kjende dei. No er alt blitt mykje enklare når vi har fått Facebook, det ser vi i år på kor mykje besøk det er på sida vår kvar dag. Utviklinga har vore fantastisk teknisk, men også fantastisk for dei som no kan følgje med på nettet kva som skjer av arrangement.

Velkommen til Nordfjord
Då gjenstår det berre å ynskje quiltarar velkomne til treffet vårt i oktober, påmeldingsfristen er 15.6, men om det er ledige plassar etter den tid, så kan ein komme til seinare også!

Mariann L. Hatlenes
Nestleiar /bloggredaktør

Ingen kommentarer: