onsdag 3. februar 2016

Sy LASER-rett!!

Deler gjerne eit tips frå internett og som no er utprøvd i praksis!

Er du også blandt dei som hittil har lege langflat på golvet og sikta i rett linje når du skal rette opp lange løparar og tepper før quilting??? No kan vi ved hjelp av moderne laserteknikk få god hjelp! Kvifor er det berre menn som skal ha slike duppedittar i verktøykassa si???

Vel, underteikna kjøpte ein laservater i julegåve til mannen for nokre år sidan, i håp om at denne kom godt til nytte i praktisk arbeid i heimen. I vinter har han vore hjelpar med bla. flislegging hos datter i nytt hus, og erfarte at slike småverktøy ikkje var brukandes.

Då var det ikkje vanskeleg å be om å få denne som ekstrautstyr i Quilte-verktøykassa, og gjett om dette var rett plass.


Ein litt lang løpar skulle rettast opp, og det skulle quiltast "in the ditch", aller helst strekbeint!! Denne vesle laservateren gjorde ein framifrå jobb, og anbefalast verkeleg!

Hendig størrelse, du får den i lomma!! Men OBS! Dette er ikkje leiketøy for barn, ein må ikkje få laserlyset i augene!

Har googla litt og sett at Jernia har den i sortimentet sitt for ca 400 kr, du finn den også i mange nettbutikkar, HER finn du ei liste. Det er slikkert fleire tilsvarande å få i markedet, men kjenner ikkje til fleire akkurat no.

Ingen kommentarer: