fredag 26. februar 2016

Marsmøte!

Vi ynskjer velkommen til medlemsmøte tysdag 1. mars på Stokkenes Gjestegard kl 18.30.

Temaet vårt denne sesongen er LINJALAR, og på dette møtet er det TWISTER som vi skal jobbe med.

Torunn har teke på seg ansvaret for å vise korleis vi brukar den, og ho har skrive følgjande:

På komande medlemsmøte  skal vi prøve oss på ein ny linjal, Twister, eller Villblomster.  Mønsteret er ikkje nytt, det går rykter om at vi i klubben sydde villblomster på tur til Nesbyen?

Vi har også hatt kurs på Stokkenes Gjestegard med linjalen, med Ingun som kursleiar.
Her finn du omtale frå kurset i november 2012:

Du finn og mønster og malar i Quiltemagasinet nr 1 2012.  (NB: malane er ikkje heilt kvadratiske!)

I tillegg har Mariann eit innlegg om linjalar på bloggen……

På tysdag kjem eg til å prøve meg på å skjere opp denne blokka som er samansett av 9 kvadrat på 10 x 10 inch (Layer cake…) og ei ramme på 6 inch.  Håpet er at dette skal likne på ein blåveis med lauv rundt når den vert ferdig, vi får sjå.  Kan hende vert det noko av restane og?

Ta med stoff og symaskin!   Pass på at det er fargekontrast mellom kvadrata, elles kjem ikkje blomstrane fram.
Gjerne også eit laken eller liknande for mellomsbels festing medan du framleis veit rekkjefølga på det vi klypper ut. (ikkje nødvendig dersom du likar puslespel!)

Sjølve linjalen er 8 x 8 inch. 
Klubben har også midilinjalen, den er på 5 x 5 inch, og passar til blokker på 6,5 x 6,5 inch.

I tillegg finst det ein Lil’ linjal til kvadrat på 5 x 5 inch  (Charms?), og for nerdane ein Itty Bitty for kvadrat på 2,5 x 2,5 inch (Mini charms……)

Dette skal verte moro!

Mvh
Torunn



OBS!  OBS!! 

Dei som har noko dei har laga med ein av Twister-linjalane, må ta det med til "Vis og fortel"!! 

 Denne løparen har Elna laga.


Ingen kommentarer: