onsdag 2. mars 2016

Årsmøte og kurs!

Komande laurdag 5. mars held vi årsmøte på Stokkenes Gjestegard. Årsmøtet startar kl 10 og det er kjekt å sjå at det er mange påmelde til årsmøtet.

Vi inviterer alle deltakarane til ein god lunsj etterpå, dette vert ca kl 12 (eller litt før om vi er ferdige før!!). Minner om at medlemmar må ha betalt kontingent for 2016 for å kunne røyste i saker. Har du gløymt dette, så finn du kontonummer på høgresida her på bloggen.

Som vanleg har vi eit kurs i samband med årsmøtehelga, og i år er det Kari Renolen som skal kurse oss heile helga. For dei som ikkje kjenner henne, så er ho også redaktør for bladet MyQuilt! Vi hadde ho som kursholdar under Vestlandstreff 2015, HER finn du innlegg om det kurset. Det var berre to av medlemmane våre som fekk høve til å gå kurs då, så no er det endeleg vår tur til å delta på dette kreative kurset.
Dette er Karis si veske.

Kurset er todelt, først lærer vi om decoupage på stoff, deretter kan vi bruke dette til lok på ei veske.
(Bilde frå Vestlandstreff)

Vi har nokre få ledige plassar att på kurset, ta kontakt med Ingun på Primula Design om du vil melde deg på, her er det førstemann til mølla som gjeld! Det er også høve for dei som ikkje er medlemmar å gå på kursa våre om vi har ledige plassar, så det er berre å ta kontakt om du vil gå. Sidan kurset er todelt, er det også høve til å gå halve kurset. 

Kurset startar fredag 4.3 kl 18-21 og fortset laurdag ca kl 13- 18.30. Då reknar vi med at vi er ferdige med decoupage og kan bruke søndagen til å sy veske. Vi reknar likevel med at om du vil bruke heile helga til decoupage, så er det også høve til det.

Då ynskjer vi velkomne til ei lærerik og kjekk helg igjen!!

Ingen kommentarer: